Nyhende

Nyheter

Fellestur til Skageflå

Søndag 11. september

Avgang med båt frå Geiranger v/Geiranger Fjordservice kl 11.30 Retur til Geiranger omlag kl 17.00
Pris voksen kr 180,- barn kr 110,- Betaling på båten
Muleg retur å gå via Homlongsetra tilbake til Geiranger


Påmelding innan torsdag 8. september til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller tlf 97077165

Velkomne på tur!

Fellestur til Smoge

Søndag 21. august er det fellestur tur-retur Rønneberg - Smoge. Start kl 10.00 frå Rønneberg i Eidsdal.
NB! Det er lite parkeringsplass på Rønneberg så det vert oppmoda til samkøyring.

Dette er ein krevjande og lang tur for røynde turgåarar. Turen har ganske store høgdeskilnader med omlag 3 timar gangtid kvar veg.

Turleiarar: Elin og John Inge Smoge

Velkomne til tur!

Tur til Holmebygda

Flott fellestur til Holmebygda søndag 19. juni. Trass litt grått og vått ver på morgonen var det 27 deltakarar på turen. Det hadde nok vore enno fleire hadde veret vore lettare på morgonen. Mange takk til den dyktige og kunnskapsrike ferdalosen, Jon Slyngstad, som tok leda turen frå ishuset og vidare til Stordalsholmen, Øvsteholmen, Inste Øggardsplassen og andre stader der det hadde stått hus og budd folk. På slutten av turen var det pause og informasjon ved bakarovnen på Latøyna  før deltakarane gjekk ned til fjorden der skipper Lars Leine venta og transporterte alle tilbake til Stordal med båt.

 

DET ER TO FELLESTURAR IGJEN I ÅR: Søndag 21. august til Smogelia saman med John Inge og Elin Smoge. Siste tur er søndag 11. september med båt til Skageflå og retur over Homlongsætra til Homlong.

Uavhenta gevinst etter Storfjordstemnet

Ein heldig vinnar har ikkje henta/fått gevinsten sin etter stol-lotteriet på Storfjordstemnet. Dette gjeld ein stol frå Stordal Møblar, modell "Frognet"

Vinnaren kan ta kontakt på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller tlf 970 77 165

Fellestur til Holmebygda - Latøyna

Søndag 19. juni er det klart for ny fellestur i regi av Storfjordens Venner. Denne gongen til Holmebygda og Latøyna i Stordal kommune. Båtavgang frå Stordal kai kl 10.00. Billettpris kr 150,- for voksne, barn gratis.  Turleiar Jon Slyngstad.

Dette er ein middels tung tur, omlag 4 km og 320 høgdemeter. Oppstigninga kan for nokon verke litt luftig. 5 timar undervegs, 3 timar gangtid. Gode sko og lang bukse er tilrådt, p.g.a. kratt og busker langs stien. I tillegg er mat og drikke sjølvsagt.

For spørsmål, ta kontakt via e-post Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller tlf 970 77 165

Les mer …

Storfjordens Venner