Nyhende

Nyheter

Oversyn nytt styre

Resultat av valet på årsmøtet laurdag 14.mars:

Les mer …

Flytting av Storfjordstemnet


Av ulike årsakar vert årets Storfjordstemne flytta frå Matvika til Kurlå. Styret har valgt Kurlå fordi vi der har eit pågåande restaureringsprosjekt.

Årsmøte i Storfjordens Venner

Årsmøte i Storfjordens Venner vert laurdag 14. mars på Skarbø skule i Ørskog kommune. Vi kjem attende med tidspunkt og sakliste. Sett av dagen! Vi vonar mange av medlemmane våre vil vere saman med oss på årsmøte! Velkomne!

Nærmare informasjon om sakliste og møtetidspunkt vert lagt ut etter styremøte 5.mars.

Årsrapport 2014 frå dugnadsgruppa på Ytste Skotet

Dugnadsgruppa har i 2014 hatt bra deltaking på dei 3 faste dugnadshelgene. Totalt har det vore ca. 15-20 ulike personar innom dei 3 dugnadshelgene. Fleire av desse har også vore på dugnad utanom desse helgene. Hovudaktiviteten denne sesongen har vore arbeidet med Storeløa, men det er også gjort ein del arbeid på flytebrygga og sjøvegen/tilkomst frå sjøen. Som kjent gjekk det eit steinsprang mot naustet sist vinter, og dugnadsgruppa har brukt ein del tid på å rydde dette.

Les mer …

Arbeid på tampen av året

I haust har Storfjordens Venner gjennomført naudsynt sikringsarbeid på husmannsplassen KURLÅ som ligg på Åseneset på Hellesylt. Stavdelen av stova var i ferd med å falle ned, og hovudprosjektet er å sikre denne delen. Så har det vist seg at også murane på denne delen av huset må takast att. Handverkarane våre, med Kåre Løvoll i spissen, er straks ferdige med murane og startar no å gjenoppbygge konstruksjonen. Vindauga er òg reparerte. Vi ser fram til 2015 og sluttføring av arbeidet på plassen. Elevar frå Sunnylven skule er òg engasjerte i arbeidet kring plassen, og vonleg får vi både rydda staden fint og lagt til rette med informasjon i jubileumsåret vårt 2015.

Storfjordens Venner