Nyhende

Nyheter

Fellestur til Åkerneset


Storfjordens Venner og Geiranger Fjordservice AS inviterer til fellestur til Åkerneset ved Sunnylvsfjorden søndag 10.mai. Avreise med MS Geirangerfjord frå Geiranger kl.09.30, frå Hellesylt ca kl 10.30.

Les mer …

Tilskot til Storfjordens Venner

Grova i Liabygda

Norsk Kulturminnefond vedtok 8.april årets tildelingar til restaureringsprosjekt over heile landet. Storfjordens Venner hadde to søknader inne.

Les mer …

Saging av material til høyløa på Langskipsøya

Høyløa er siste huset som står igjen på øya etter at det har vore både gardsbruka og handelshus her. Storfjordens Venner leier den planlagde restaureringa. Eigar Tord Tøsse har fått god hjelp av nabo Oskar Frostad til å ta ut tømmer i vinter. I påska blei materialen til høyløa på Langskipsøya saga på gardssaga til Ove Bergqvist på Tøssa. No skal materialen tørke fram til restaureringa tek til. Vi håper på tilskot frå Norsk Kulturminnefond og Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Sesongforberedelsar ved Ytste Skotet


I heile vinter har flytebrygga til Ytste Skotet lege i opplag inne i Vollvika. Lunt og trygt for alle vinterstormar. I dag henta Tor Einar og Asgeir flytebrygga og slepte ho over fjorden til Vaksvika.

Les mer …

Medlemskontingent for 2016

Styret innstiller på at kontingenten vert ståande uendra for 2016:

  • Personleg medlem: 250
  • Bedrift: 750
  • Familiemedlemskap: 450

    Les mer …

Storfjordens Venner