Nyhende

Nyheter

Pressemelding Storfjordstemnet søndag 7.juni

Slik såg det ut før restaureringa
Storfjordens Venner kan i år markere 40 års jubileum, og foreininga vel å leggje årets Storfjordstemne til Åseneset, like ved husmannsplassen Kurlå, og for fyrste gong har foreininga eit stemne tett på ein plass der vi samstundes har eit prosjekt under arbeid. Restaureringshandverkar Kåre Løvoll er i desse dagar i gang med istandsetjing av stovehuset på Kurlå, og han vil vere tilstades på stemnet og vise og fortelje frå arbeidet.

Les mer …

Friluftscamp laurdag 6.-søndag 7. juni i samband med Storfjordstemnet på Kurlå

Storfjordens Venner inviterer barn og unge i alderen 10-15 år til friluftscamp på Åseneset ved Hellesylt i samband med Storfjordstemnet. Vi er ikkje absolutte på alder dersom nokon har veldig lyst og fell utanfor, men for yngre born så bør då foreldra vere med. Dersom det elles er foreldre som har lyst til på camp, er de hjarteleg velkomne. Aktiviteten vert styrt av unge, kjekke leiarar frå Friluftsrådet.

Les mer …

Storfjordstemnet 2015 - Kurlå/Åseneset søndag 7.juni

IMG 7430 red
Årets stemne vert lagt til husmannsplassen Kurlå, eller Åseneset, like ved, og for fyrste gong har vi eit stemne på ein plass der vi samstundes har eit prosjekt under arbeid. Restaureringshandverkar Kåre Løvoll er i desse dagar i gang med istandsetjing av stovehuset på Kurlå.

Les mer …

Storfjordens Venner sitt turkort: "Til gards med Storfjordens Venner"

Storfjordens Venner lanserer no det nye turkortet vårt: «Til gards med Storfjordens Venner».

Kortet inviterer deg til å besøke eit godt utval av fjordgardane innover langs Storfjorden, og registrere besøka på kortet. Dersom du har besøkt minst 15 slike gardar i løpet av sommaren og hausten, kan du sende inn kortet til Storfjordens Venner og motta ein liten minnepremie.

Les mer …

Fellestur til Åkneset


Turen til Åkneset er no fullteikna, og litt over 100 deltakarar vert med. Interessa for turen har vore overveldande, og det er kjekt at så mange har lyst til å besøke desse fjordgardane.

Les mer …

Storfjordens Venner