Nyhende

Nyheter

Fellestur med Storfjordens Venner til Furneset og Oaldsbygda

Furneset

Søndag 23. august arrangerer vi vår 4. fellestur for sommaren. Avgang med Nordic Lady frå Hellesylt kl. 09.30 for dei som vil gå turen via Furneset-Furnesdalen-Oaldsbygda. Dette er ein krevjande tur. Turleiar Jostein Ringdal. Odd Normann Hoff fortel historia frå gardane. 

Les mer …

Fellestur til Verpesdalen søndag 26.07

Verpesdalen ein haustdag. Foto: Merete Løvoll Rønneberg

Turstart frå Gjerdeneset på Kilsti kl 10.00. Turleiar Merete Løvoll Rønneberg. 

Les mer …

Fellestur til Kvernhusneset, Osvika og Kastet søndag 28.juni

Kvernhusneset
Sesongens andre fellestur går til fjordgardane på vestsida av Tafjorden. Båtskyss frå småbåthamna i Fjørå kl. 10.30. Pris kr. 100 t/r. Born under 16 år går gratis.

Les mer …

Årets først dugnadshelg på Ytste Skotet

Storeløa på Ytste Skotet
Dugnadsgruppa på Ytste Skotet har hatt årets første dugnadshelg på Skotet. No er det Storeløa som står på programmet, og ho skal bli ferdig i 2015.Med på dugnaden var Terje, Heidi, Asbjørn, Asgeir og Geir Ola. Kirsi og Marte var også på Skotet denne helga.

Les mer …

Ny flytebrygge på Dyrkorn

Ny flytebrygge på Dyrkorn
No blir det mykje enklare å komme seg ombord og på land på Dyrkorn for besøkande til Ytste Skotet. Den gamle skranglete flytebrygga er skifta ut med ny, stabil 12-meters brygge i stål. Ny, flott landgang er også på plass. No er det slutt på å klatre over kaikanten og langt ned til skyssbåten.

Les mer …

Storfjordens Venner