Nyhende

Nyheter

Dugnadsrapport Ytste Skotet -september 2015

 Vi hadde ei svært god oppslutning på denne dugnaden, heile 17 personar var med! Dette var skikkeleg kjekt!! Særdeles bra var det at vi hadde fleire nye dugnadsfolk, og vi håpar dei fann seg til rette og at dei kjem att på dugnadane framover. Dei som møtte var : Terje, Heidi, Asbjørn, Asgeir, Runar, Jens-Petter, Hallgeir, Svein-Elling, Ingeborg, Oline, Kjetil, Elias, Andreas, Tor Arild, Stein og Geir Ola. Marthe m/mann og Anna frå Austerrike var også på Skotet denne helga.

Les mer …

Årets siste fellestur til Blomberg

Årets siste fellestur gjekk til Blomberg sist søndag.

Les mer …

Kongens Fortenestemedalje til Atle Ringseth og Are Homlong

Kongens Fortenestemedalje til Atle Ringseth og Are Homlong
I samband med Storfjordens Venner sitt 40 års jubileum i helga, vart Atle Ringseth frå Liabygda og Are Homlong frå Ålesund tildelt Kongens Fortenestemedalje.

Les mer …

40-års jubileum i Geiranger

40-års jubileum
I helga markerte Storfjordens Venner sitt 40-års jubileum gjennom ein heil dag saman med særskilt inviterte gjester. Programmet starta på Møllstunet, staden der foreininga vart skipa i 1975. Trond Otto Berg bles det heile i gang gjennom ein vakker og klangfull fanfare, og ramma kunne knapt vore vakrare: I eit velstelt klyngetun med historiske bygningar, med framifrå utsyn over Geirangerfjorden, og i eit herleg haustvêr. Så fekk grunneigarar og bebuarar frå alle dei tre tuna sleppe til og fortelje om garden og livet der.

Les mer …

Fellestur til Blomberg søndag 20.september

Blomberg
Det er klart for årets siste fellestur med Storfjordens Venner, og vi vonar mange nyttar sjansen til å vere med oss til Blomberg.

Les mer …

Storfjordens Venner