Nyhende

Nyheter

Friluftscamp 4.- 5. juni på Grova

Storfjordens Venner inviterer barn og unge i alderen 10-15 år til friluftscamp på Grova ved Gravaneset, Liabygda, i samband med Storfjordstemnet. Aldersgrensa er ikkje absolutt dersom nokon har veldig lyst og fell utanfor, men for yngre born bør foreldra vere med. Dersom det elles er foreldre som har lyst til på camp, er de hjarteleg velkomne. Aktiviteten vert styrt av unge, kjekke leiarar frå Sunnmøre friluftsråd.

Les mer …

Turkortet 2016

Storfjordens Venner sitt turkort "Til gards med Storfjordens Venner" inviterer deg til å besøke eit godt utval av fjordgardane innover langs Storfjorden, og registrere besøka på kortet. Dersom du har besøkt minst 15 slike gardar i løpet av sommaren og hausten, kan du sende inn kortet til Storfjordens Venner og motta ein liten minnepremie. Frist for innsending/levering er 31.10.2016.

Les mer …

Publikumsprisen - EU sin kulturminnepris/Eurpa Nostra 2016

Stem på Storfjordens venner via http://vote.europanostra.org. Ver merksam på at du også må stemme på to andre prosjekt.

Fram til 8. mai kan du stemme på publikumsprisen mellom vinnarane av EU sin kultuminnepris/Europa Nostra 2016.

Les mer …

Fellestur

Vi startar opp att med fellesturar og første tur går til Duken søndag 8. mai.

Start frå garden Liene kl 12.00. Forholdsvis lett tur om lag 1 time kvar veg. Det er begrensa med parkeringsplassar på Liene, så vi oppmodar til samkøyring.  Turleiar: Nils Roger Matvik tlf 932 92 531

Duken ligg i innløpet av Sunnylvsfjorden innanfor Stranda. På garden er det kun restar av husa som viser att. Det er knytt mange tragiske historier til denne staden.

Velkomen til ein fin vårtur!

Dugnad på Litlesætra

Dugnad laurdag 30. april med skogrydding og anna nødvendig ryddearbeid rundt husa på Litlesætra, Åkerneset. Er du interssert og har høve å hjelpe til, ta kontakt med Nils Roger Matvik, tlf 932 92 531, for nærare informasjon.

Storfjordens Venner