Nyhende

Nyheter

Nye æresmedlemmar

På Storfjordstemnet 2016 vart Per Kjell Holtleite og Kåre Løvoll utnemnd til æresmedlemmar i Storfjordens Venner. I grunngjevinga står det m.o.a. at utnemninga har bakgrunn i langt samarbeid med høg fagleg kvalitet.

 Kåre Løvoll har utført restaureringsarbeid på mange ulike prosjekt frå 1999, medan Per Kjell Holtleite har utført tilsvarande frå 2004. Storfjordens Venner er desse to stor takk skuldig for arbeidet som er utført.

Per Kjell Holtleite (2016)

Kåre Løvoll (2016)

F.v nestleiar i  Storfjordens Venner  Bjørn Steinar Skarbø, Kåre Løvoll, Per Kjell Holtleite og styreleiar Kjell Løseth

Vellykka Storfjordstemne

Storfjordstemne 2016 er vel gjennomført. I strålande ver på Grova i Liabygda møtte i underkant av 1000 personar opp til sosialt treff, program og rømmegraut.

Les mer …

Storfjordstemnet

Då er helga komen og det er klart for Storfjordstemnet på Grova på søndag. Eigedommen er pussa og klargjort til å ta mot mange gjestar. Programmet startar opp kl 13.00 men det er forventa å folk er på plass i god tid. Frå scena vert det både ord og musikk. Det vert eige stol-lotteri med flotte stolar frå Ekornes Møbelfabikk, Stordal Møblar, Helland Møblar og Sitwell. Rømmegraut vert seld og det er muleg å sikre seg ulike "Storfjordvarer".

Ver merksam på at det ikkje er mogeleg å parkere på Gravaneset eller langs vegen. Stemnedeltakarar som reiser via Stranda må parkere på Stranda og ta ferga over til Gravaneset. Øvrige må parkere på Stavsengfjellet ved hoppbakkene. Derifrå vil det gå shuttlebuss til Gravaneset med retur etter stemnet. Første buss kl 10.00.

Velkomne til Grova!

Prisutdeling i Madrid

Ved ein flott og høgtideleg sermoni i Zarzuela Theatre i Madrid tysdag 24. mai,  fekk Storfjordens Venner utdelt EU sin kultuminnepris/EU Nostra 2016. Det var styreleiar Kjell Løseth som tok mot prisen på vegne av foreininga.

Kjell Løseth saman med sangarinna Auxiliadora Toledano og Placido DomingoStyreleiar Kjell Løseth og styremedlem Grå Bårdseth

Les mer …

Storfjordstemnet 5. juni - Grova

Storfjordstemnet 2016 er lagt til Grova i Liabygda like over fergekaia på Gravaneset . Det er om lag 10 minutt å gå opp frå fergekaia i fin, men litt bratt sti. Det er utfordringar når det gjeld trafikk og parkering men vil kome tilbake med informasjon om dette

Det er lagt opp til eit tradisjonelt og godt program, lotteri, rjomegraut og triveleg samvere.

Nett som i fjor arrangerer vi FRILUFTSCAMP for born og ungdom frå laurdag til søndag. Sunnmøre friluftsråd vil stå for aktivitetane, og det vert sikkert ein kjekk camp. Her er det berre å melde seg på! Meir informasjon ligg på heimesida.

Program Storfjordstemnet 2016                

Les mer …

Storfjordens Venner