Meld deg på nyhendebrev

Severin og Lene fekk besøk av over 1000
Written by Storfjordens Venner   
Sunday, 06 June 2010 19:39
roneset-02Severin Rønes og Lene Kristiansen fekk besøk av godt over 1000 personar då Storfjordens Venner hadde sommarstemne på Røneset søndag 6. juni.
- Vi har hatt besøk av utruleg mange hyggelege menneske. Heilt fantastisk, seier Severin.




TV-kjendis
Severin har budd fast på Røneset dei siste åra. Han blei landskjent etter at NRKs Oddgeir Bruaset var på besøk og intervjua den gongen ungkaren Severin Rønes. Bruaset var der i samband med programserien " Der ingen skulle tru at nokon kunne bu ".
- Tv-programmet fungerte som ei stor kontaktannonse, smiler Severin. I august i fjor kom Lene Kristiansen frå Rognan i Nordland til Røneset. Ho vann hjartet til Rønes-karen.

Ser ei framtid her
roneset-01Kjærasteparet ser ei framtid på Røneset. Den veglause garden ligg idyllisk til ved Storfjorden.
- Dette er verdas finaste stad, seier Lene Kristiansen. Så lenge vi trivst her, noko vi gjer så langt, så blir vi her.
Vi har pussa opp huset vi bur i. Det er eit godt døme på at vi meiner alvor når vi seier at vi ser ei framtid her, legg ho til.



Populært par
roneset-03På sommarstemnet ville svært mange besøkende ha ein del av Severin og Lene.
Dei måtte stille opp til fotografering same kvar dei gjekk. Ingen tvil om at dei to bufaste var populære.
- Vi har møtt utrulig mange kjekke folk i dag, seier Severin.
- Mange kjenner meg igjen frå tv-programmet, og mange er glad for at Lene har komt hit.
Eg har funne verdas kjekkeste jente, seier Severin og held godt kring kjærasten Lene.