Meld deg på nyhendebrev

Norsk kulturarvs ærespris til Storfjordens Venner
Written by Storfjordens Venner   
Sunday, 06 June 2010 17:29

respris---lodve-solholm-og-asgeir-kvernbergStorfjordens Venner har fått Norsk Kulturarv sin ærespris for 2010.
Foreininga fekk tildelt prisen under årets sommarstemne på Røneset.
- Dette er heilt fantastisk, seier styreleiar Asgeir Kvernberg i Storfjordens Venner.

 

 

Vel fortent
mathias-ovsteng-fra-norsk-kulturarvNorsk Kulturarv har hovdsete på Vågå i Oppland. Stiftinga har mottoet " Vern gjennom bruk " og har som mål å ta vare på fortida for framtida - gjennom notida. Gjennom aksjonar, medlemsarbeid, reiselivsutvikling, rådgiving og fagpolitisk støtte til eigarar av kulturminne er Norsk Kulturarv på banen for å sikre den norske kulturarven gjennom aktiv bruk.
På sommarstemnet på Røneset var Norsk Kulturarv representert med Mathias Øvsteng, som er reiselivskoordinator i stiftinga.
- Storfjordens Venner er inkarnasjonen på det som Norsk Kulturarv står for. Det er eit imponerende arbeid Storfjordens Venner har lagt ned gjennom dei 35 åra foreininga har eksistert. Det er rett og slett kjekt å kunne gi ein slik pris til ei så livskraftig foreining, seier Øvsteng.
- Eg er også imponert over den kunnskap og kvalitet som ligg i arbeidet til foreininga. Sjå berre på stemnet her på Røneset i dag der godt over 1000 personar har møtt fram, seier han.

Stolt og audmjuk
ringstad-kvernberg-hoff- Dette er ein stor augneblink for Storfjordens Venner, sa styreleiar Asgeir Kvernberg då han fekk overrakt prisen frå Fylkesmann Lodve Solholm.
Før prisoverrekkinga hadde fylkeskonservator Jens Peter Ringstad ei kort utgreiing om juryarbeidet til Norsk Kulturarv. Ringstad sit sjølv i juryen som deler ut æresprisen.
Storfjordens Venner får prisen for innsatsen gjennom 35 år med berging av dei mange veglause fjell- og fjordgardane langs Storfjorden og for formidlinga av den spesielle historia om livet der ingen skulle tru at nokon hadde budd.
Prisen er delt ut tre gonger før, mellom anna til Nasjonale turistvegar og byhistorikar Harald Grytten i Ålesund.
Eit diplom og ein punsjbolle etter gamalt design frå Gjøvik Glassverk er dei synlege bevisa på at Storfjordens Venner har fått denne utmerkinga.
- Det er mange som stiller opp og tek i eit tak for foreininga vår. Utmerkinga viser at arbeidet vi gjer blir sett pris på, seier ein takksam Asgeir Kvernberg.



Relaterte artiklar

olavsrosa

Norsk Kulturarv
Kva er Olavsrosa
Søk etter kulturopplevingar