Meld deg på nyhendebrev

Velkomen til Storfjordstemnet på Røneset 6. juni
Written by Storfjordens Venner   
Sunday, 30 May 2010 17:35

Storfjordensroneset01 Venner ønsker å presentere heile Storfjorden for eit interessert publikum. Dei tre siste åra har vi hatt stemne i indre del av fjorden, Kvernhusneset, Smogelia og Haugsetsætra. Det er no naturleg å legge stemnet til ytre del av fjorden.

 

 

t-skjorte_2010Garden Rønes
Røneset har veldig lett tilkomst, der gjestane går frå skyssbåten og rett inn i tunet. Kanskje den einaste fjordgarden som har naustet i tunet?
Røneset er ein fråflytta fjordgard som no er busett igjen. Det bur to vaksne ungdomar der. Dei driv med utegangarsau og arbeider i tillegg i laksenæringa.
Garden ligg på Furstranda, som er eit veldig fint turområde ved at det går ein fem kilometer lang kjerreveg mellom dei seks tuna på stranda.
Storfjordens Venner har aldri hatt prosjekt på garden, men vi har ytt stønad til utskifting av vindauge i bustadhuset.
Eigaren er nøye med at vedlikehaldet skal ta vare på den opphavlege stilen og byggemåten


Fylkesmannen er stemnetalar
Stemnetalar blir fylkesmann Lodve Solholm. Solholm tok til som fylkesmann etter Ottar Befring i fjor, og har mange år erfaring som stortingsrepresentant for Framstegspartiet.
Leiar i Storfjordens Venner, Asgeir Kvernberg, orienterer om arbeidet i foreninga i 2009-2010.
Grunneigar, Odd Arne Rønes, fortel gardshistorie.
Ord for dagen ved Lars Tore Nerbøvik, medlem i Bispedømerådet. Ordfører i Sykkylven, Jan Kåre Aurdal, helsar frå vertskommunen.

Kystlrneset_-_vinteraget og friluftsrådet
Sunnmøre Kystlag skal vise ulike eldre bruksbåtar frå Sunnmøre.
Friluftsrådet for Ålesund og Omland tilbyr bogeskyting og andre aktivitetar for ungane.
Kanskje blir det ein ro- eller segletur med ein av båtane til Sunnmøre Kystlag?
NB: Det er ikkje høve til å fortøye eigne båtar ved Røneset denne dagen.

Korleis komme seg til Røneset?
Det går båt frå Håhjem og Ramstaddal frå kl 0930 til 1230.
Billett kr 150 for vaksne og kr 50 for ungar.

I tillegg blir det sal av rømmegraut, Ørskog Bygdekvinnelag hjelper til med serveringa. Ørskog Brass vartar opp med musikk .
Sykkylven Lions hjelper til med loddsalet, tryggleik blir tatt vare på ved Sykkylven Røde Kors.

Storfjordens Venner ønsker alle hjarteleg velkomne til Storfjordstemnet 2010 på Røneset
.


Relevant artikkel