Meld deg på nyhendebrev

Båtførar Johan Dyrkorn takkar av
Written by Storfjordens Venner   
Monday, 24 May 2010 21:10

johan_dyrkorn_01Han har vore både rekneskapsførar og småbrukar, men for Storfjordens Venner er han mest kjent som båtførar.
I 12 år har Johan Dyrkorn frå Dyrkorn han skyssa folk fram og tilbake frå Yste Skotet. Når han no gir seg er ein epoke er over.
- Eg har stilt opp når det har vore behov, seier han .



Hobby og Line

Den første skyssbåten Johan brukte bar navnet "Hobby". Og båtnamnet gjenspeglar kanskje den største fritidsaktiviteten til Johan dei siste åra.
"Hobby" var ei tresnekke med plass til 10 passasjerer. Kor mange turar det har blitt frå Dyrkorn til støa ved Ytste Skotet veit han ikkje.
- Det johan-dyrkorn-02har jamt over vore greitt. Det har vore mange trivelege folk som skulle over. Både born som skulle på leirskule, folk som har feira bursdag og brullaup i tillegg til vanlege besøkande.
Så har det sjølvsagt vore utstyr til drifta av garden, seier han.
Frå 2005 har Johan brukt båten " Line " til transport. Det er ein plastbåt med plass til langt fleire enn " Hobby".
- Eg tok eksamen som fritidsskipper i ein alder av 66 år, seier han. Det har blitt strenge reglar for dei som skal drive med skysstransport. No er det sonen som står som ansvareeg for drifta av båten. Korleis det blir med den vidare drifta av "Line" er Johan usikker på.

Dramatikk på sjøen
Hausten for fire år sidan fekk Johan oppleve sjøfolk sin store skrekk, brann om bord.
- Heldigvis var eg ålene i båten. Han var på veg til slipp på Håhjem i Skodje. Då Johan oppdaga brannen fekk han raskt bruk for brannsløkkingsapparatet.
Likevel, det blei eit døgn på sjukehus etter å ha pusta inn røyk.
- Eg er glad eg var ålene og hadde berre med sjølv å tenkje på. Korleis det kunne ha gått med båten full av folk vil eg helst ikke tenkje på, seier han.

Greitt å slutte
Johan har stilt opp når det har vore behov for båtskyss.
- Det er heilt greitt å gi seg no, seier han. Det har blitt mykje helgearbeid med skyss både fredag- og søndagettermiddagar.
Leirskulen som er på Ytste Skotet har også hatt ein stabil båtfører i Johan.
På spørsmål om kva forhold han har til Ytste Skotet svarar han: - Eg har ikkje trakka ned dørstokken der. Det blir som regel ein tur opp i løpet av ein sesong.