|
Written by Geir Ola Vatne
|
|
Thursday, 15 April 2010 20:48 |
|
Storfjordens Venner og Stiftinga Ytste Skòtet hadde denne helga i april ein litt uvanleg dugnad på Ytste Skòtet. Høyet frå sist sommar skulle verte fôr til sauer på Glomset som var midt i "vårknipa" etter ein lang vinter. Det er lenge sidan nokon har henta høy frå denne garden seier avd. leiar Kari-Anne Nilsen. Vi tørkar høy kvar sommar her oppe, men høyet vert kun brukt til leik og til å ligge i for skuleungar og andre besøkande.
Om vinteren er det ingen husdyr på garden, og høyet vert då liggande til neste sesong. Sjølve slåtten og alt rundt denne er ein viktig aktivitet og ein del av formidlinga, men når nytt høy kjem inn på låven, går det gamle ut og ned i steinrøysa. Dette ville vi gjerne gjere noko med.
Høyet er ein ressurs og mange har lagt ned mykje arbeid for å få det i hus. Når ein så kastar høyet berre for å få inn nytt, er det ikkje god formidling seier Kari-Anne Nilsen.
Dugnadsgjengen har pakka høyet i meiser som kvar tek 40-50 kilo. Meisene vert trilla bort til taubana, og fira ned til sjøen. Der har dei ein motorbåt som frakter høyet sjøvegen til Glomset.
Høyet som kjem frå Ytste Skòtet er nokså næringsfattig, det er lenge sidan det vart gjødsla på markane her. Men vi tar det igjen på innhald av urter og eit mangfald av planteartar. Det er også viktig for sauene som snart er i gang med lamminga.
    
Glomset 12. april 2010
Geir Ola Vatne |