Meld deg på nyhendebrev

Vel utført arbeid 2009 - markering av sesongslutt
Written by Asgeir Kvernberg   
Sunday, 06 December 2009 13:36

avslutning-2009-01Utesesongen 2009 er over. Mykje godt arbeid er utført.
"Prosjektgruppa og handverkarane er motoren i det praktiske arbeidet Storfjordens Venner gjer for å berge kulturminna langs Storfjorden." Med dei orda takka leiar Asgeir Kvernberg for arbeidet som er utført i 2009.

 

Prosjektgruppa, saman med leiar og nestleiar i Storfjordens Venner markerte dette med ein hyggeleg middag saman med handverkarar og representant frå kulturavdelinga i fylket. Handverkarane Kåre Løvoll og Inge Lid har avslutta ei totalrestaurering av stovehuset på Furneset. Dette er eit omfattande arbeid som starta i 2007. Sjå eigen artikkel om Furnesprosjektet. Prosjektleiar er Odd Normann Hoff. I 2010 held prosjektet fram med rydding av kulturlandskap og råsa Furnes - Almane. Per Kjell og Sindre Holtleite avslutta i vår eit omfattande restaureringsarbeid på tre bygningar på Haugsetsetra i Geiranger.

I haust har dei førebudd restaurering av kvernhuset, med tilhøyrande anlegg, på Seljeflot i Oaldsbygda. Prosjektleiar Atle Ringseth. Jostein Dalen kunne diverre ikkje vere til avslutning-2009-02stades. Han har arbeidd med rydding av tuftene i Bringa. Prosjektleiar Are Homlong. Dette prosjektet skal utvidast og halde fram i 2010. Leiar Asgeir Kvernberg takka handverkarar og Prosjektgruppe for solid arbeid i 2009. Nestleiar Ingrid Løset orienterte om samarbeidet med Ytste Skotet. Elles deltok Elling Westerås frå prosjektgruppa og Helge Aarset frå kulturavdelinga i fylket.