|
Gled deg - Storfjordkalenderen er her |
|
Written by Helge Søvik
|
|
Friday, 23 October 2009 15:51 |
Storfjordens Venner er tidleg ute med sin kalender for 2010. Og godt er det. Trykksaka er imøtesett med interesse frå mange, kanskje ikkje først og fremst for å sikre seg eit oversyn over kva for dag merkedatoane i det nye året fell på, men meir for å finne interessant lesnad om liv og lagnad frå fjord- og fjellgardane langs Storfjorden. Dei blir ikkje skuffa.
Harald Kjølås har hatt ansvaret for å skaffe tekst og bilde alle år sidan den første kalenderen vart gitt ut, og har tydelegvis eit rikt tilfang å velje frå. Ingen ting tyder på at stoff om og frå dei gamle gardane er i ferd med å bli tømt. Også i den nye kalenderen finst der gode forteljingar. Kjølås har både før og no valt å knyte historiene opp mot personar, og gjer dei såleis ekstra interessante. Mange kjenner personane - eller historier som knyter seg til gardane.
Dei som tok initiativet til denne årvisse Storfjordkalenderen fortener ros, og det same skal Kjølås ha. Også denne gongen har han makta å gjere kalenderen interessant. Han har hatt evne til å leite opp heimelsmenn, og såleis blir stoffet ekte. Han presenterer teksten med lett penn, kjapt og godt.
Eg vil håpe at Storfjordens Venner vil halde fram den gode trenden. Såleis kan vi ha mykje godt i vente framfor jul - kvart år.
Storfjordens venner minner om kalenderen er i sal i Sparebanken Møre sine lokale i Sykkylven, Stranda, Norddal, Stordal, Ørskog, Skodje, Ålesund og Haram. I tillegg kan kalenderen kjøpast på Fjordsenteret, Hotel Union og butikkar i Geiranger, Nilsgardstunet i Stordal og Esso Stranda. Pris kr. 100,-
|