|
Sesongen på Ytste Skótet går mot slutten, og sist søndag var det heimreise for nokre av dyra som har vore på fjellgarden i sommar. Det har vore mange husdyr på garden i år, noko som dei besøkande set stor pris på seier avd. leiar Karianne Nilsen.
Vi har hatt ku med kalv, hest, sau, geit, gris, høner og kattar. Dyra er med på å gi garden liv og dei er også ein viktig del i den formidlinga vi driv her oppe seier ho.
Turen over fjellet på søndag var ei stor oppleving. Det er heilt utruleg korleis Nordlandshesten og Fjordfe-kua kan ta seg fram i ulendt fjellterreng. Det er ca. 500 høgdemeter opp frå Ytste Skótet før ein kjem opp på Brekka og ser nedover mot Ramstaddalen. På andre sida av fjellet er det like mange meter ned i Fasteindalen. Denne gongen brukte vi berre 3 og ein halv time på turen. I sommar gjekk vi andre vegen med dyra på ein av dei varmaste dagane. Då måtte vi bruke 9 timar for at dyra ikkje skulle verte utslitne. Det gjer vi ikkje oppatt seier Karianne Nilsen som har fått god hjelp av dugnadsfolk til å leie dyra til og frå Ytste Skótet.
Ytste Skótet er ein gamal gard og vi meiner det er sømeleg at dei gamle husdyrrasane er representert her. Fjordfekua som vi fekk låne av Sigbjørn Brunstad i Sykkylven har vekt stor interesse denne sesongen. I år hadde ho kalv som var halvt Trønder, men til neste år er det meininga at kalven skal vere reinrasa Vestlandsk Fjordfe. Fjordfe-kua er det nærmaste vi kjem den gamle Gråkolla som var vanleg her på Sunnmøre heilt fram til 1950-talet. Kua er lita og svært nøysom. Ho kan beite på nær sagt alt som veks, og tek seg lett fram sjølv i krevjande terreng. Når vi i dag talar om berekraftig matproduksjon, miljøvern og attgroing av kulturlandskap, har vi tru på at denne gamle kurasen gradvis kjem attende i det norske landbruket.
 Til neste sesong vil vi også få opp Gamal Norsk Sau. Kanskje vil vi prøve å ha dei på garden heile året, der vi driv med utegang og tilleggsfôring gjennom vinteren. På same måte som Fjorfe-kua er denne sauerasen liten, nøysom og hardfør. Den klarer lamminga på eigen hand, men må sjølvsagt ha tilsyn m.a. for å unngå rovdyrplager.
Gamal Norsk Sau er i dag mest vanleg på kysten der den gjerne vert kalla Villsau. Frå gammalt av var nok denne rasen like vanleg i fjordane som ute på øyane seier Karianne Nilsen.
Foto: Oline Vatne, Olga N. Kjønnø |