Storfjordvenene blir inviterte til Røneset ved Storfjorden i juni neste år - til garden som journalist Oddgeir Bruaset tok oss med til i mars i år. I fjernsynsprogrammet "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" fortalde Severin Rønes at han i lang tid hadde ynskt å slå seg ned på den fråflytte garden, og for fire år sidan realiserte han draumen.
No har styret i Storfjordens Venner bestemt å legge neste års Storfjordstemne til Røneset. Tidspunktet er fastsett til søndag 6. juni.
Ideell stemnestad Styreleiar Asgeir Kvernberg var nyleg på innsteg på den idylliske garden, som ligg heilt nede ved fjorden, og meiner alt ligg vel til rette for eit stort innrykk. -Vi blir godt mottekne, og staden er ideell for stemnet, seier Kvernberg. Røneset vart fråflytt mot slutten av 60 åra. Då budde der ein familie med tre born. Årsaka til at dei tok avgjerda om å flytte, var at skulen på Furstranda vart lagt ned. Alternativet var å skysse borna til skulen i Ramstaddal, noko som slett ikkje ville vere utan fare vinterstid. Odd Arne Rønes, som eig garden i dag, var ein av dei tre borna i Røneset. Sonen hans, Severin, er fødd i Sykkylven, men kom tidleg til Røneset saman med foreldra på korte eller lengre opphald på den nedlagde garden. Her følte Severin seg stendig meir heime, og hadde sterkt i tankane at han ein gong ville slå seg ned her for godt.
Realiserte draumen -Han gjorde alvor av draumen, fortel Oddgeir Bruaset, som var på gjesting fleire gongar medan "Der ingen skulle tru ... " vart til. -Severin jobba på møbelfabrikk, men ynsket om å flytte til Røneset vart stendig sterkare. Såleis slo han til då det ordna seg med arbeid på eit oppdrettsanlegg i Søvika. All fritid nyttar han til ulike gjeremål på garden. Han ryddar skog, driv med villsau - kort sagt; han legg ned mykje tid og krefter på Røneset. Så har det då også vorte ein idyllisk plass.
Målet er å få bort det meste av skogen der det før var slåttemark. Mykje er alt gjort. Severin Rønes tek også mål av seg å få stølen tilbake slik han eingong var. Stølen ligg ein liten times gange frå sjølve garden.
-Gler oss -Vi gler oss til å stige i land til Storfjordstemnet, seier Asgeir Kvernberg. -Garden er halde godt vedlike. Noko vi alle skal få oppleve ved sjølvsyn i juni neste år, legg styreleiaren i Storfjordens Venner til.
Røneset blir også skildra i ei bok som Oddgeir Bruaset har skrive og som kjem i handelen no i haust. |