Vedtekter

Sist vedtekne på årsmøte 12. mars 2016

VEDTEKTER FOR STORFJORDENS VENNER
§ 1
Namnet på foreininga er Storfjordens Venner. Den engelske omsettinga av namnet er «Storfjord Heritage Society». Målforma til foreininga er nynorsk.

§ 2
Storfjorden Venner har til oppgåve å verne- og formidle kunnskap om kulturminne, tradisjon og kulturlandskap.

§ 3
Geografisk område for Storfjordens Venner sitt arbeid er langs Storfjorden med sidearmar innanfor Magerholm – Ørsnes. Storfjordens Venner er eigar av Ytste Skotet, gnr. 114, bnr. 1 i Stordal kommune.

§ 4
Kva for oppgåver som skal løysast, og korleis det skal gjerast, blir fastsett i arbeidsprogrammet for kvart år. Dette kan skje som arbeidsinnsats, økonomisk stønad, rådgjeving, gjennom samarbeid med andre som driv med kulturell verksemd i samfunnet og/eller på annan måte.

Ferdigstilte prosjekt der Storfjordens Venner har medverka til istandsetting, skal gjennom skriftleg avtale med eigar sikrast vedlikehald, tilgjenge og høve til bruk til lagets føremål.

§ 5
Einskildpersonar, familiar, lag, institusjonar og verksemder som vil stø føremålet og betalar årskontingenten, er medlemmar. Dei betaler den kontingenten årsmøtet fastset.

Born vert rekna som familiemedlemmar til og med det året dei fyller 18 år.

For lag, institusjonar og verksemder er årskontingenten tre gonger det som gjeld einskildmedlemmar.

Æresmedlemmar vert fritekne for betaling av medlemskontingent.

§ 6
Permanente arbeidsgrupper vert oppretta av årsmøtet som fastset eigne vedtekter. Styret oppnemner medlemmar til arbeidsgruppene.

Styret opprettar mellombels arbeidsgrupper når ein finn dette formålsteneleg.

Arbeidsgruppene rapporterer om aktivitet og økonomi på tidspunkt fastsett av styret.

§ 7
Årsmøtet er høgste styringsorgan i Storfjordens Venner. Det skal haldast kvart år innan utgangen av mars. Medlemmar i foreininga har røysterett på årsmøtet. Saker som medlemmar vil leggje fram for årsmøtet, må være komne til styret seinast 1. februar før årsmøtet.

Det blir kalla inn til årsmøtet gjennom lokalpressa, sosiale media eller i brev. Innkallinga skal vere utsendt minst to veker før årsmøtet.

Omframt årsmøte kan haldast med varsel som for vanleg årsmøte dersom eit styrefleirtal finn det naudsynt, eller minst 25 medlemmar set fram grunngjeve krav om det. Omframt årsmøte skal berre handsame saker nemnt i innkallinga.

Ved likt stemmetal på årsmøtet, har leiar – eller i leiars fråvær nestleiar – dobbelrøyst.

§ 8
Det ligg til årsmøtet å
a)      Velje ordstyrar og referent
b)      Velje to personar til å underteikne møteboka
c)       Handsame årsmelding, revidert rekneskap, budsjett og arbeidsprogram
d)      Velje styremedlemmar og varamedlemmar
e)      Velje leiar og nestleiar mellom dei valde styremedlemmane
f)       Velje to revisorar for eit år
g)      Velje tre medlemmar og ein varamedlem til ei valnemd. Medlemmar til valnemnda vert valde for tre år, men fyrste året slik at dei vert valt for høvesvis tre, to og eit år. Valnemda skal komme med framlegg til val etter punkt d, e, og f
h)      Fastsetje årskontingenten
i)        Gjere vedtak i vedtektssaker
j)        Drøfte og avgjere andre saker i følgje sakliste godkjent av årsmøtet

Til vanlege vedtak på årsmøtet er det krav om vanleg fleirtal. Vedtektsendringar kan likevel berre gjerast på årsmøtet med 2/3 fleirtal av dei røysteføre medlemmar som møter.

Det nyvalde styrets funksjonstid startar i det årsmøtet er avslutta.

§ 9
Storfjordens Venner skal ha eit styre på sju medlemmar. Alle val vert gjort for to år, men slik at minst tre styremedlemmar er på val kvart år.

Leiar og nestleiar vert vald for eit år om gongen ved særskilt val mellom valde styremedlemmar.

Ein må arbeide for ei jamn fordeling mellom kjønna, god geografisk fordeling og ei tenleg alderssamansetning.

Det skal veljast tre varamedlemmar for eit år i rekkjefølgje.

Styret vel sjølv sekretær og kasserar om naudsynt.

Ved likt stemmetal, har leiar – eller i leiar sitt fråvær nestleiar – dobbelrøyst.

Samanhengande funksjonstid for styremedlemmar skal være maksimalt seks år.

§ 10
Styret skal
a)      Kalle inn til årsmøte
b)      Leggje fram for årsmøtet årsmelding, revidert rekneskap, budsjett, arbeidsprogram og andre saker som det ligg til årsmøtet å avgjere
c)       Nemne opp medlemmar til arbeidsgrupper
d)      Gje ansvar, mynde og retningsliner til desse
e)      Ta initiativ til- og gjennomføre tiltak i samsvar med foreininga sitt føremål og/eller i tråd med vedtak på årsmøtet
f)       Utnemner æresmedlemmar

Styret et vedtaksført når minst fem røysteføre er til stades.

Der ikkje anna er bestemt, blir foreininga bunde med underskrifta til leiar.

Varamedlemmar skal kallast inn til alle styremøte, men har ikkje røysterett med mindre dei verkar i staden for eit fråverande styremedlem.

§ 11
Eventuell oppløysing av foreininga kan berre gjerast med 2/3 fleirtal på to påfølgjande årsmøte med minst ein månads mellomrom. Det årsmøtet som gjer endeleg vedtak om oppløysing av foreininga, vel eit avviklingsstyre og fastset avviklingstid.

Dersom Storfjordens Venner blir løyst opp, skal styret for Sunnmøre Museum ta over foreininga sine verdiar med lut og lunnar, og nytte dei i samsvar med føremålet til foreininga.

Storfjordens Venner