Meld deg på nyhendebrev

Vedtekter Print

§ 1
Storfjordens Venner har til oppgåve å verne om kulturminne og levande tradisjon. Kva for oppgåver som skal løysast, og korleis det skal gjerast, blir fastsett av arbeidprogrammet for kvart år. Dette kan skje som økonomisk stønad ved dugnadsarbeid, gjennom samarbeid med andre som driv kulturell verksemd i samfunnet, eller på annan måte.

Storfjordens Venner er eigar av Ytste-Skotet, gnr. 114 bnr. 1 i Stordal kommune.

§ 2
Storfjordens Venner er ein distriktsorganisasjon. Styret kan nemne opp lokale arbeidsgrupper.

§ 3
Einskildpersonar, familiar, lag, institusjonar og verksemder som vil stø formålet og betalar årskontingent, er medlemmer. Dei betaler den kontingent som årsmøtet fastset.

Born under 16 år blir rekna som familiemedlem.

For lag, institusjonar og verksemder er årskontingenten 3 gongar det som gjeld for einskildmedlemer.

§ 4
Lokale arbeidsgruppe sender årleg melding til Storfjordens Venner innan 15. januar. Meldinga skal fortelje om arbeidet i foregåande kalenderår.

§ 5
Årsmøtet er høgste styringsorgan i Storfjordens Venner. Det skal haldast kvart år innan utgangen av mars månad. Medlemmer i laget har røysterett på årsmøtet. Saker som medlemmer vil legge fram for årsmøtet, må vere komne til styret seinast 1. februar før årsmøtet.

Det blir kalla inn til årsmøte gjennom lokalpressa eller i brev. Innkallinga skal vere utsend minst 2 veker før årsmøtet.

Omframt årsmøte kan haldast med varsel som for vanleg årsmøte, dersom eit styrefleirtal finn det naudsynt, eller minst 25 medlemer set fram grunngjeve krav om det.

§ 6
Det ligg til årsmøte å,

a)  velje ordstyrar og referent,
b)  velje 2 personar til å underteikne møteboka,
c)  godkjenne årsmelding, revidert rekneskap og budsjett/arbeidsprogram for laget,
d)  handsame årsmelding, revidert rekneskap og budsjett/arbeidsprogram for Stiftinga Ytste-Skotet,
e)  velje leiar og nestleiar (jfr § 7),
f)  velje styremedlemer og varamedlemer som nemnt i § 7,
g)  velje 2 revisorar,
h)  velje styremedlemer og varamedlemer til styret for Stiftinga Ytste-Skotet, i samsvar med stiftinga sine vedtekter,
i)   velje 3 medlemer og 1 varamedlem til ei valnemnd. Valnemnda skal kome med framlegg til neste årsmøte, til val som er nemnde i pkt. a, e, f, g og h,
j)   fastsetje årskontingenten,
k)  gjere vedtak i vedtektssaker,
l)   drøfte og avgjere andre saker som er nemnde i innkallinga.

Til gyldig vedtak på årsmøtet krevst vanleg fleirtal. Vedtektsendringar kan likevel berre gjerast på årsmøtet med 2/3 fleirtal av dei røysteføre medlemene som møter.

§ 7
Storfjordens Venner skal ha eit styre på 6 medlemer. Årsmøtet vel 4 styremedlemer for 2 år om gongen. Av desse går 2 medlemmer ut etter 1 år ved loddtrekning. Deretter står 2 medlemer på val kvart år.

Årsmøtet vel dessutan leiar og nestleiar for 1 år om gongen, ved særskilt val.

Det skal veljast 4 varamedlemer, som står på val kvart år.

Styret vel sjølv sekretær og kasserar.

Samanhengande funksjonstid for styremedlemer skal maksimalt vere 6 år.

§ 8
Styret skal,
a)  kalle inn til årsmøte,
b)  legge fram for årsmøte årsmelding, revidert rekneskap, budsjett/arbeidsprogram og andre saker som ligg til årsmøtet å avgjere,
c)  nemne opp medlemer til lokale arbeidsgrupper,
d)  ta initiativ til og gjennomføre tiltak i samsvar med §1.

Styret er vedtaksfør når minst 4 medlemer er til stades, og røystar.

Laget blir bunde med underskrita til leiaren og ein av dei andre styremedlemene i fellesskap.

Varamedlemene skal kallast inn til alle styremøte, men har ikkje røysterett med mindre dei møter i staden for ein fråverande styremedlem.

§ 9
Eventuell oppløysing av laget blir handsama som lovforslag, og må vedtakast med 2/3 fleirtal på 2 kvarandre følgjande årsmøte for å vere gyldig. Vedtak om oppløysing er gyldig berre når minst 10 % av dei røysteføre medlemene er til stades.

Dersom laget blir løyst opp, skal styret for Sunnmøre Museum ta over eiga og nytte den i samsvar med formålet til organisasjonen.


Vedteke av årsmøtet 11. mars 1995.