Støttespelarar

Storfjordens Venner baserte lenge all aktivitet på eigne midlar og dugnadshjelp. Takka være god stønad utanfrå, kan i tillegg mange av oppgåvene no gjerast med leigd arbeidshjelp. Det er pengeytingar frå offentlege instansar, private og ulike organisasjonar og verksemder som har gjort det mogleg å gjennomføre alle dei nye prosjekta organisasjonen har engasjert seg i. Aktive og samarbeidsvillige grunneigarar er og eit viktig grunnlag for arbeidet vårt.

I tillegg har HM Dronning Sonja har gitt Storfjordens Venner stor merksemd m.a. gjennom boka "Klangbunn".

For arbeidet som er gjort, har Storfjordens Venner bl.a. motteke  følgjande:

  • EUs kulturminnepris - Europa Nostra 2016
  • Den nasjonale Kulturlandskapsprisen (2014)
  • Norsk Kulturarvs ærespris (2010)
  • Skadevernprisen 2000  - Stiftelsen UNI (2001)
  • Maihaugprisen - De Sandvigske Samlinger
  • Landbrukets miljøpris
  • Stranda sogelag sin kulturpris
  • Sparebanken Møres ærespris
  • Fylkeskulturprisen (1986)

Storfjordens Venner var og lansert som kandidat til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen 2007.

Under følgjer ei oppsummering av ulike verksemder og samarbeidspartnarar med link til den einskilde nettstad.


Statlege intansar       Kommunar       Andre  
Møre og Romsdal fylke       Norddal kommune       Fortidsminneforeninga  
Norsk kulturminnefond       Stordal kommune       Norsk Kulturarv  
Norsk kulturråd       Stranda kommune       Vestnorsk fjordlandskap - Verdsarv  
Riksantikvaren       Sykkylven kommune       Cirkumferencens Venner  
Sunnmøre museum       Ørskog kommune       Vegaøyanes Venner  

                 
                   

Storfjordens Venner