Aktuelt

Storfjordens Venner har kontinuerlege prosjekt på gang. Under finn du korte skildringar av noverande aktivitet.

Furneset
Her står ei tømmerstove der delar av tømmeret er frå middelalderen.
Heile stovehuset er plukka ned. Mest mogeleg av den gamle materialen skal brukast om igjen.
Øydelagd material skal erstattast med kopi av det gamle. Grunnmur og steintrapp er utbetra.
I 2009 skal huset byggast opp igjen, og vere klart for nye hundreår. Då skal det også grøftast og
drenerast i tunet.

Relevante artiklar

Haugsetsætra
Geiranger. Årsetfjøsen vart øydelagd av brann for nokre år sidan. Etter det fall fjøsen saman. I år er denne fjøsen, med inventar, bygd opp att etter nøyaktig registrering av den gamle materialen. Eit flott bygg som viser korleis ein gamal sætrefjøs var bygd og innreidd.

Storfjordstemne i 2009 vart arrangert på Haugsetsætra søndag 7. juni .

Sjå stemnebilete frå Haugsetsætra

Ytste Skotet
Mange frivillige har vore med i drift, slått og anna dugnadsarbeid. Det har vore dyr i tun og fjøs. Mange har besøkt Ytste Skotet på dagstur eller overnatting. Kvernsteinane i kvernhuset er hogd opp att, men renner, tilførsel av vatn samt omlegging av taket, står att før kverna er klar til å male korn. Dei to dugnadsgruppene har arbeidd med vedlikehald av kulturlandskap og hus. Det er sett opp nye piper i stovehuset. Nyrestaurert vedkomfyr er på plass. Dugnadsarbeidet som er gjort på Ytste Skotet, er dokumentert av Ørskog Videoklubb med eiga DVD, som viser glimt av historia frå Storfjordens Venner tok over eigedomen i 1989.

Kulturlandskapsgruppa har planar om vidare rydding på den verdfulle slåttemyra i Skotsdalen, samt rydding av kratt og skog samt slått av myra.

Les artikkel Ytste Skotet

Storfjordens Venner