Nyhende

Besøk hos Kulturminnefondet

Are Homlong og Asgeir KvernbergMandag 26.01 var Storfjordens Venner for første gong på besøk hos Norsk kulturminnefond på Røros. Dette i høve omsøkt prosjekt på Furneset i Synnylvfjorden, sentralt i Storfjordens Venner sitt nedslagsfelt. 

Støtte til prosjektet ble avslått i forrige runde, og Storfjordens Venner ønskjer å sende inn ein ny og forbetra søknad før neste frist går ut.

Leiar i veneforeninga, Asgeir Kvernberg, og leiar i byggjenemnda, Are Homlung, tok turen til Røros for å drøfte prosjektet. Helene Tiller og Jon Suul stilte opp for gjestane og gav informasjon om fondet og råd i høve prosjektet.

Storfjordens Venner har på Furneset eit av sine store prosjekt med prosjektkostnadar på 1,5 mill kr. Kulturminnefondet håper at drøftinga medførte at dei fekk eit bedre grunnlag til å ferdigstille prosjektsøknaden til Kulturminnefondet. Søknadsfristen er 01.02. 2009.

Storfjordens Venner