Ytste Skotet

Ytste Skotet ca. 1940. Foto: Magne FlemI det brattlendte fjordlandskapet på vestsida av Storfjorden finn vi Ytste Skotet. Fjellgarden ligg vakkert på ei hylle 225 m over fjorden, og har hatt busetting heilt sidan vikingtida. Den tradisjonelle driftsmåten med korn på innmark og beite og slått på utmark blei halden i hevd heilt fram til 1954, då dei siste brukarane flytta.

Storfjordens Venner er eigar av garden Ytste-Skotet, som var ei gåve frå dei tidlegare eigarane. Stiftinga Ytste-Skotet har ansvaret for drifta av garden, og vart frå 2004 ei museumseining under Stiftinga Sunnmøre Museum (det nye regionmuseet for Sunnmøre).

Storfjordens Venner står for restaureringa av garden. I 2008 vart det utført ein del restaurering av stovehuset, m.a. nye piper og ny omn i stova. Ei dugnadsgruppe som blir leia av Geir Ola Vatne, held fram med restaurering og vedlikehald av bygningane i tunet i 2009. Dei skal og legge om stien ved kaia. Kulturlandskapsgruppa held fram med rydding av slåttemyra Gjærå i Skotsdalen, under leiing av Jens Peter Søvik og fagansvarleg Kari-Anne Nilsen. Det vert istandsetjing av stein- og nettinggjerde rundt innmarka, og Kvernhuset skal restaurerast ferdig slik at korn igjen kan bli til mjøl på Ytste Skotet.

Mykje av dugnadsarbeidet som er gjort på Ytste Skotet, er dokumentert av Ørskog Videoklubb gjennom eigeprodusert DVD. Denne viser glimt av historia frå Storfjordens Venner tok over eigedomen i 1989.

Storfjordstemne vart arrangert på Ytste Skotet i 1995.

Ytste Skotet vart i 1997 nominert til "Årets museum" av fylkeskulturutvalet i Møre og Romsdal. Garden er elles tildelt kvalitetsmerket Olavrosa.


Relaterte artiklar frå Ytste Skotet

Galleri Rapportar
Galleri Ytste Skotet Kulturlandskapet på Ytste Skotet

Storfjordens Venner