Stordalsholmen

Stordalsholmen var eit senter i fjorden alt på 1600-talet, og det starta truleg med den oppblomstringa som trelasthandelen med Holland førte med seg. På midten av 1600-talet vaks Stordalsholmen fram som gjestehus, skyss-stasjon og etter kvart også som handelsstad. Det var gjerne kjøpmenn frå Bergen som vart sitjande som eigarar av Stordalsholmen, og i tillegg til overnatting kunne ein der få kjøpe både brennevin, tobakk og andre «byvarer», og bøndene langs fjorden kunne selje sine produkt. Desse vart seinare sende med jekter til Bergen.

Stordalsholmen sin sentrale posisjon i fjorden kjem også fram gjennom det faktum at dette er staden der ei av dei aller siste heksebrenningane her i landet skjedde. Det var Sva-Maska, Marit Rasmusdotter Bjørdal frå Sunnylven, som på tinget på Langlo på Stranda 28. mars 1664 vart dømt til halshogging og deretter brenning for heksekunster. Avrettinga skjedde ute på neset på Stordalsholmen, like ved der det i dag står eit fyr. Ei hole i berget der heiter den dag i dag for Maskehola.

Det huset som i dag står på Stordalsholmen vart bygt av Gunder Myhre i 1835. Huset er freda. Gunder Myhre som kom frå Hardanger, var laksepioner på Sunnmøre. Han var den første som sette ut laksenot. Han hadde med seg fagfolk frå sine heimetrakter som kunne å fiske laks, og sunnmøringane var ikkje seine om å lære. Laks vart ei særs viktig attåtnæring for mange av strandgardane.

Det vart også bygd jekter på Stordalsholmen, og der var i lange periodar stor trafikk. Den store stova var samlingsstad for dei som var på veg til og frå, og tidvis kunne det overnatte opp til 70 menneske i dette huset. Då låg dei på flatseng. Av og til var vinden så hard at reisande ut og inn fjorden kunne ligge vêrfaste i fleire dagar på Stordalsholmen, og det kunne saktens ha skjedd på verre plassar. Då dampskipa og rutebåtane kom var Stordalsholmen ferdig som stoppestad. I 1873 vart Stordalsholmen nedlagt som offentleg skyss-stasjon, men garden var i drift i kombinasjon med laksefiske heilt fram til 1970.

Sommarstemne vart arranger på Stordalsholmen i Stordal kommune i 1987, og i 2003 fekk Stordalsholmen tildelt Godt Vern Prisen 2003, sjå lenkje under.


 Meir informasjon

Galleri Stordalsholmen         Artiklar       Rapportar
                                              Godt Vern-Prisen 2003   Kulturlandskapet på Stordalsholmen

 

Storfjordens Venner