Kvennhusneset

Kvennhusneset 1910. Foto: Kvennhusnes er den ytste garden på sørsida av Tafjorden. Garden ligg omtrent midt overfor Vika i Fjørå, og både Vika, Kvennhusnes og Osvik hadde felles seter på Vikasetra oppe på fjellet ovanfor og utanfor Kvennhusnes.

Garden er heilt marginal som levebrød. To kyr og rundt 20 geiter er ikkje mykje å leve av, og det var ofte smått for brukaren av Kvennhusnes. Det blir t.d. fortalt at brukaren på Kvennhusnes bar ostegryta den stupbratte råsa opp på Vikasetra kvar vår og ned att kvar haust, fordi han ikkje hadde råd til å kjøpe seg ei gryte nummer to.

Eigentleg er garden ein plass under nabogarden Osvik, og Kvennhusnes vart rydda tidleg på 1700-talet. Garden er eit av svært mange døme på at når ein gut og ei jente i dei dagar vart glade i kvarandre, og ingen av dei hadde arverett til ein gard, så var einaste måten å skaffe seg levebrød nok til å kunne gifte seg, at dei anten fann seg eit fråflytta bruk, eller reiste ut i utmarka og rydde seg ein gard som dei så fekk bygsle frå hovudbruket. Langs desse fjordane finst det mange slike døme på det ein kan kalle «kjærleiksgardar».

Kvennhusnes ligg lunt til, men er svært brattlendt. Innmarka er «halden på plass» med steinmurar, og på kinesisk vis låg åkrane i terrassar oppetter den bratte skråninga. I nyare tid er det planta frukt- og bærtre på fleire av desse terrassane. Alle gardane på sørsida av Tafjorden, Korsnes, Kastet, Osvik og Kvennhusnes hadde mykje samkvem med kvarandre, og det var gangrås mellom dei . I tidlegare tider brukte det å ligge sjøis ut til Kvennhusnes nesten kvar vinter, og skuleborna kunne krysse over isen når dei skulle på skulen i Fjørå. Etter kraftutbygginga i Tafjord er det sjeldnare sjøis på Tafjorden.

Storfjordstemne vart arrangert på Kvennhusneset i 2007.


Meir informasjon

Galleri Kvennhusneset     Rapportar
Sommarstemne Kvennhusneset 2007

 

Storfjordens Venner