Ospahjellen

Eigentleg startar historia om Ospahjellen oppe på ei fjellhylle på eit nes i Norddalsfjorden eit stykke innanfor Skrenakken. Denne første plassen låg høgt til fjells, og med ein svært bratt og uvegsom tilkomst frå sjøen. Det som truleg lokka den første nyryddaren var det same som for mange andre fjellgardar; gode beitetilhøve, godt jaktterreng og nok skog. Den øvste Ospehjell-garden låg likevel så pass høgt at garden truleg ga ein heilt marginal levemåte. Utover på 1700-talet låg då også garden øyde i lange periodar.

Gunder Aspehjell kom frå Ytterdal og tok over i 1890. Han fann fort ut at den nye boplassen låg for høgt til fjells. Åkeren var for mykje utsett for frost og våren kom for seint. Etter seks år på Øvste Ospahjellen fekk han difor kjøpt ein 400 meter brei teig nedover fjellsida, heilt ned til sjøen. Han starta å bryte ny jord lenger nede, der dagens Ospahjellen ligg. Han kjøpte seg eit hus frå Dalsbygda som han frakta ut og bar opp. Så kjøpte han løe på Skarbø på Stranda, som han også bord for bord bar opp frå sjøen. Han bygde seg båtstø og naust. Desse tok stormen etter nokre få år, og så var det å gå i gang med å bygge opp att. I tillegg heldt han fram med å rydde jord rundt det nye tunet sitt. Seinare bygde han på husa med plankar som han handsaga frå eigen skog. Gamlegarden oppe på Øvste Ospahjellen brukte han til seter. Dersom det skulle delast ut ein slitarpris, ville nok folk frå fjellgardane stå tett lengst framme, og blant dei alle fremste ville ein finne Gunder Aspehjell.

I 1920 tok sonen Nils og kona hans, Olivia, over drifta av garden. Heilt fram til han vart sjuk i slutten av 1940-åra bygde han bustadhus, utvida løa og dreiv garden på ein framifrå måte. I 1957 vart Ospahjellen fråflytta, men husa blir framleis brukt som feriebustad og haldne ved like.

Storfjordstemne vart arrangert på Ospahjellen i 2004.


Meir informasjon

Galleri Ospahjellen             Artiklar       Rapportar
                                              Venner over fjorden   Kulturlandskapet på Ospahjellen

 

Storfjordens Venner