Smogegardane

Grenda Smoge er samansett av tre gardar, Ytste Smoge, Vonheim og Smogelia. Det går gangveg mellom gardane.

Bastian Smoge som saman med broren Ivar hadde kjøpt garden Smogeli, hadde ein draum om å få telefon til gards. I 1936 hadde dei starta med griseoppdrett i Smogeli, og sjølv om dei hadde fått brevhus og stoppestad for rutebåten, så var behovet til stades for å kunne snakke med omverda. Bastian fekk folk frå telegrafstyret til å kome for å sjå på tilhøva, og det vart til slutt ja til å bygge ei line over fjellet frå Eidsdal. Telegrafverket ville betale stolpane og lina, fritt levert kaia i Ytterdal.

Pengar var det smått med, så her var Smoge-folket avhengige av gode grannar. Det hadde dei. Torvald Løvold køyrde med lastebilen sin 100 telefonstolpar frå kaia og fram til Rønnebergsvingen utan å krevje ein einaste øre. Eidsdølene møtte opp mannjamt med hestar og fekk frakta stolpane opp på fjellet og ut over Smogedalen. 27 hestar på ein dag fortel sitt om innsatsen. Ikkje eit øre skulle dei ha heller!. Hausten 1938 var lina ferdig, og telefonen kom i bruk, og sundag 9. juli 1939 var det telefonfest i Smogeli med 50 innbedne gjestar og 16 frå Smoge-gardane. Det vart sett opp bord i hesteskoform inne i storstova, og i tillegg vart alle dører opna slik at dei andre romma også kunne nyttast. Både ordførar Gerhard Grønningsæter og andre heldt tale, og han ringde Sunnmørsposten for å rapportere frå festen. I avisa måndag 10. juli stod ordførarens telegram gjengitt, der han rosar Smoge-folket for innsatsen.

Storfjordstemne vart arrangert på Ytste Smoge i 2000 og på Smogelia i 2008. 


Meir informasjon

Storfjordens Venner