Meåkneset

Meåkneset 1942.  Foto: Johannes Gausdal.

Meåkneset er nok den eldste av Åkernesgardane. Namnet sitt har desse gardane fått av alle dei små åkrane som dei spadde opp og fylte jord på mellom alle berga og steinane. Over 20 åkrar skal det ha vore på Meåkneset på det meste. I eldre tid vart dei nytta til korn og poteter, men i nyare tid til grasproduksjon. Fôret til geitene slo dei elles i utmarka, og dei utnytta heile fjellsida. Slåtten varte i praksis frå jonsok til snøen kom, og høyet samla dei i utløer og under hellarar. Derifrå bar dei det på ryggen til næraste løypestreng.

Husa på Meåkneset er nok dei einaste gardshusa i verda der fonna går over taket. Heile husrekkja er 47,5 meter lang. Heeilt til venstre ligg geitefjøsen med sauefjøsen i kjellaren. Dernest kjem kufjøsen med eit soverom oppå, der varmen frå dyra kunne vere god å ha vintersdag. Dernest kjem stovehuset med inngang midt på, ei stove i kvar ende og kjøkken bak, inn mot fjellet. Så kjem låven, og når fonna truga bar dei høyet gjennom gluggar i stoveveggane og inn i fjøsane til dyra. Siste gong fonna gjekk over taket var i 1956. Ho gjekk to gongar vinteren 1952. Det same gjorde ho i 1942, mens ho gjekk ein gong i 1938. Det må eit heilt spesielt vêrlag til før denne fonna skal gå.

Garden vart fråflytt i 1958, og er i dag restaurert i eit samarbeid mellom dei to eigarane og Storfjordens Venner, og med store tilskot av offentlege midlar.

Storfjordstemne vart arrangert på Meåkenset i 1977 og 2003.


Meir informasjon

Galleri Meåkneset     Rapportar
Storfjordstemne 2003      

Storfjordens Venner