Matvika

MatvikMatvika ligg på nordsida av Geirangerfjorden, like innanfor Lundaneset. Husa ligg litt oppe frå sjøen i ei lita, lun vik. Sjølve tunet er trygt for fonner. Mest utsett i så måte er husa for trykket frå den store Stabbefonna som er årviss på den andre sida av fjorden. Dette er den største fonna i Geirangerfjorden, og når ho kjem som mjellfonn hender det at fonngoven slår over til Matvika og at vindauga blir knuste av lufttrykket.

Heimebøen på Matvika er berre på 3-4 mål, resten av området rundt husa er ur- og steinmark. Garden ligg i solhellinga, og når sola varmar opp stein og berg, vert det nesten "tropisk" klima i Matvika. Garden satsa då også tidleg på hagebruk. På det meste hadde brukaren i Matvika 150 plommetre, og ved stoveveggen dyrka han aprikoser. Rekordhausten i så måte skal visstnok vere 60 kilo aprikoser.

Matvik-folket slo også på dei fråflytte gardane Lundaneset, Horvadraget og Furneset. Løypestrengar vart sett opp for å frakte høyet til løa i Matvika. Det vart med andre ord mange tunge bører og mykje frakting av høy, men så kunne då også bonden i Matvika fø opptil 90 geiter og tre kyr i tillegg til ungdyra på det meste. I Matvika rekna dei høymengda i bører, og kvar bør er rundt 40 kilo. På heimebøen hadde dei 10-15 bører, frå utmarksslåtten oppe på Korsfjellet kunne dei hauste 100 bører, Furneset 100 bører, Horvadrag 120 bører og Lundanes 120 bører. Når han dreiv på det meste var Petter Johan Matvik den største skattytaren i Sunnylven kommune.

Matvika var ein av dei siste gardane som vart fråflytta. Det skjedde så seint som i 1961, og ein hovudgrunn til at ein då måtte gi opp gardsdrifta, var at mjølkebåten til Hellesylt slutta å gå. Bilane og ferjene hadde tatt over, og det skiftet greidde ikkje Matvika å tilpasse seg.

Storfjordstemne vart arrangert i Matvika i 1988 og 1994.


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Storfjordens Venner