Artikler

Grunneigars tale Grova

Grunneigartale

Storfjordstemne i Grova 2016

Velkommen til Grova!

Og velkommen tilbake til dei som var på Stofjordstemne her i 1983. Den

gongen var det om lag 300 til stades, og det er kjekt å sjå at det er langt fleire

i dag.

Ekstra kjekt er det å få vise fram Grova i slikt strålande vêr som vi har i dag!

Namnet mitt er Kjell Ytreberg, eldste son til Kåre Ytreberg, som er

grunneigaren her i Grova.

Som de ser her i dag, så må dette vere ein av dei finaste plassane på jord. Det

å komme hit er alltid kjekt, her er det litt finare ver, litt varmare, ein

fantastisk utsikt og ei deilig avslappande atmosfære. Her har vi tilbrakt

mange somrar i oppveksten, og det er kjekt å sjå at våre barn likar seg like

godt her som det vi gjorde.

Historie

Her i Grova har det vore busetjing i lang, lang tid. Vi kjenner til slektskapet

heilt tilbake til 1603, til Knud Groff. Den opprinnelege slekta gjekk ut midt

på 1700-talet, og ei ny kom inn. Vår slekt strekker seg tilbake til 1817, då

Ane Marie Rasmusdotter Kjølås gifta seg opp at med Arne Ingebriktson

Tafjord Graven, min tipp-tipp-tipp oldefar.

Sidan har det vore fastbuande i Grova heilt fram til Petter Ivarson, eller

«Petter-onkel» som vi alltid sa, måtte flytte frå Grova i 1977 på grunn av

skrantande helse. Petter var ugift og barnlaus, og det var far min, Kåre

Ytreberg, som Petter var onkel til, som tok over garden. Petter hadde ei

søster, Anne Marie, og ho traff ein kjekk tenestegut som arbeidde på ein

gard i Liabygda. Det var bestefar min, og dei flytta seg til Skodje, der både

far min og eg vaks opp, og bur fortsatt.

Vi er ikkje heilt sikker på kva namnet Grova kjem av. Skrivemåten har endra

seg med tida, frå Groff, Groffuen, Graven og til Groven. Men i daglegtalen

har det alltid vore Grova eller Grøva.

Muligens kjem namnet frå ordet grov eller grovafar, som betyr ei elv eller eit

elvefar. Men dette veit vi ikkje sikkert. Det ligg eit slikt elvefar rett ved

garden, men kanskje ikkje så stor at det skulle gi opphav til namnet.

Husa på garden er gamle.Ii bygdaboka frå Stranda står det at stovehuset er ei

røykstove med ei tilbygd lav loftsstove frå 1888, og dette stemmer godt med

byggemåten.

Strevsomt liv

Livet på fjell- og fjordgardane var ikkje lett før i tida, og heller ikkje her i

Grova. Ein måtte vere mest mogeleg sjølvberga, og det har vore både kyr,

geiter og sauar på garden. Som ein ser, er det ikkje store bøane, og mykje er

bratt og tungdrive. Det har aldri vore hest i Grova, og arbeidet har for det

meste vore gjort med handemakt, med spade og greip. I bygdeboka for

Stranda står det skrive at når ein vanlegvis rekna avlingane i hestelass, så

hadde det vore rettare å rekne dei i ryggbører for Grova sin del.

I tillegg til fôret ein fekk hausta på innmarka her, så var ein avhengig av å

hente fôr frå teigar på Skafjellet og frå ein teig i Bugane i Verpesdalen

lengre inn i fjorden. Graset dei slo oppe på fjellet drog dei på sloge inn på

sætra, og bar det derfrå og ned til gards på ryggen. Etter kvart fekk dei

løypestreng ned til garden. Graset dei slo inne i Verpesdalen rodde dei ut til

Gravaneset, tørka det på berga og lagra det i ei løe nedmed sjøen. Seinare

bar dei det til gards på ryggen. Petter-onkel fortalde at til og med ei ku frakta

dei på same måten til gards. Først ned til sjøen i Verpesdalen, så om bord i

færingen og ro ho ut til Gravaneset, før dei så bukserte ho opp sjøvegen og

opp i Grova.

Far til Petter-onkel, Iver Petterson, døydde då Petter berre var 13 år. Då var

det han, systra som var 10 år, mora og besteforeldra, som nærma seg 80 år,

igjen på garden. Dyra var på sommarbeite på Klebergsetra, og måtte

mjølkast morgon og kveld. Dette fell no på Inger Anna, eller Grovabesta

som far min sa. Dei første åra etter at mannen døydde våga ho ikkje å la

barna ligge åleine i nede i Grova. Ho gjekk derfor grytidleg om morgon opp

på setra for å mjølke, og ned att med mjølka tidsnok til å få barna på skulen.

Ho brukte 2 timar opp, ned att gjekk det raskare. Sameleis gjorde ho om

kvelden. Etter at ho var ferdig med arbeidet på garden, og barna hadde ete

kveldsmat, var det å gå den stupbratte vegen opp på setra att. Etter at Petter

vart konfirmert, vart han til stor hjelp for mor si, og ho våga å overnatte oppe

på setra.

Å hjelpe kvarandre

Ein måtte hjelpe kvarandre så godt det let seg gjere før i tida. Nabogardane

på Ansok og Kleberget dreiv fiske i lag med Grova, noko som var ei viktig

matkjelde. I 1883 blei alle desse gardane ramma av ei ulykke, då båten

forliste i uvêr. 3 menn omkom, ein frå Ansok, ein frå Kleberg, og ein frå

Grova; Ingebrikt Arneson, min tipp-tipp oldefar.

Her i Grova hadde dei ein bakaromn i gråstein. Av og til kom naboane frå

Uraneset, eit lite bruk lengre ute, på bakedag i Grova. Då lukta det nysteikt

kake og brød over heile tunet, og det er ikkje vanskeleg å forestille seg at

dette måtte vere meir som ein høgtidsdag. Restane av bakaromnen står

framleis igjen oppunder ein hammar oppe på flata her.

Då mora til Petter, Inger Anna, vart sjuk ein vinter, og snøen låg djup, måtte

alle trø til for å bere ho opp til Ansok, for vidare sjuketransport. Først eit lag

som spadde veg i snøen, så eit lag som bar ho.

Det var også fleire gongar naboar og liabygdarar stilt opp på

snømåkedugnad, frå Ansok og ned til Grova, slik at skulebarna skulle

komme fram.

Etter kvart som Petter vart åleine på garden, kunne det vere mykje å gjere for

ein einsleg mann. Heldigvis hadde han mange gode naboar og venner som

stilte opp og tilbaud ei hjelpande hand.

Fruktdyrking

Etter kvart som Petter vart eldre, drista han seg til å foreslå at ein kanskje

skulle slutte med dyrehald, og heller drive med fruktdyrking. Dette var

bestefaren Petter Espehjelle sterkt imot: Å slutte med dyr var likegodt med å

gi opp alt! Å bruke beste jorda til å plante tre var vanvidd. Han meinte det

viktigaste var å vere sjølvberga med korn.

Men Petter satsa på fruktdyrking, og gode veksttilhøve gjorde fruktdyrkinga

til ein suksess, og sidan har dette vore hovudnæringa i Grova. Her var det

moreller, plommer, eple og pærer. Det er ikkje få personar som har fått ei

smaksprøve her i Grova. Frukta sendte han på løypestrengen ned til sjøen,

rodde over til Stranda og leverte frukta på butikken der.

Når ein kom på besøk i Grova om sommaren eller hausten, stod det alltid eit

stort fruktfat framme. Gjerne med moreller.

Og frukt og bær er noko eg også forbind med Grova. Nede på kanten her

stod det ein digert morellebærtre, som var 80-90 år gammalt. Treet var så

stort at du kunne gå på fleire av greinene bortover. Det å stå nede på

Gravanes-kaia å selje morellebær, blei ein sommartradisjon.

På utsida av huset stod også eit digert tre, eit Signe-Tillis epletre, med nokre

kjempestore og gode eple.

Dessverre har fleire av desse trea no, døydd. I seinare tid har far min planta

nye tre, men også hjorten og rådyra trivst godt i Grova, og det har vore

vanskeleg å halde dei unna når det ikkje er fastbuande her.

Avsides

Grova har alltid vore litt avsides. Det var lang veg til både post og skule.

For å komme inn til Liabygda, måtte dei gå råsa opp til Ansok og så inn til

bygda. Gardane Ansok og Kleberg hadde bygd gangveg inn til Ringset.

Denne stod ferdig i 1902, og då hadde dei drive med vegarbeid i 20 år. Petter

fortalde at dei måtte starte i 7-tida om morgonen når dei skulle på skulen.

Ellers måtte dei ta sjøvegen med båt, og gå dei bratte bakkane opp i bygda.

Då far min var ung, var han ofte på sommarbesøk i Grova. Då tok han

bussen frå Skodje, og han hugsar godt lyden av åretaka då Petter-onkel kom

roande rundt neset for å hente han i Liabygda.

Dei første gongane eg var i Grova, så parkerte vi oppe på Ansok, og gjekk

råsa ned. Det var derfor eit stort framskritt då Gravanesvegen ned til

fergekaia på Gravaneset blei bygd i 1979. No kunne ein køyre bil heilt ned

til kaia, og gå sjøvegen opp til Grova. Eg hugsar godt løypestrengen vi

brukte til å frakte bagasje og utstyr med. To slag på strengen var beskjed opp

til far om at alt var klart!

I 1985 blei det bygd skogsbilveg heilt fram til Grova. Då vegen stod ferdig,

fekk Petter-onkel komme tilbake og besøke Grova igjen. Dette var stor stas

for han! Dette blei det siste besøket hans her, før han døydde seinare same

hausten.

Etter dette har Grova vore brukt som fritidsbustad. Far min har gjort ein stor

innsats for å halde garden best mogeleg ved like. Det har vore langt fleire

arbeidsdagar enn feriedagar for han her inne. Det er alltid eit eller anna som

skulle vore gjort. Likevel trur eg han har kosa seg her inne. Kjekt var det

derfor då Storfjordens Venner tok kontakt for eit par år sidan, å ønskte å

hjelpe til med å restaurere dei bygningane som var i dårlegast stand. Først

vart kvernhuset og tørkestova sett i stand att. Og så vart stabburet restaurert.

Tusen takk til Storfjordens Venner for den jobben dei har gjort!

Eg håper vår generasjon klarer å ta like godt vare på garden her som det

tidlegare generasjonar har gjort, og at Grova også i framtida blir det

«paradiset» det er i dag. Og i dag er vi 3 generasjonar etterkomarar som er til

stades.

Så håper eg alle nyt dagen vidare her i Grova, og at de støttar opp om

Storfjordens Venner og det flotte arbeidet dei gjer.

Takk!

Storfjordens Venner