Skageflå

Skageflå 1910. Foto: BecketSkageflå ligg på ei fjellhylle 250 meter over Geirangerfjorden. Garden har vore i bruk heilt sidan middelalderen. I 1873 gjekk det eit stort jordskred over garden og øydela mykje av den dyrka jorda. For å få hjelp til oppryddinga vart garden delt i to bruk. Det høvde seg slik at bror og syster på Skageflå gifte seg med bror og syster på Møllsæter, og begge syskenpara slo seg ned på Skageflå.

Garden har tradisjonelt vore rekna som ein av dei rikaste gardane i Geiranger. Det kjem ikkje minst av dei grøderike beitemarkane i Skagedalen. På det meste kunne dei fø 125 geiter på denne garden.

Garden hadde tidlegare ein av dei vanskelegaste sjoavegane av alle gardar i Geirangerfjorden, og det er nok ein hovudgrunn til at garden i kortare periodar har lagt øyde. Vegen frå sjøen og opp til Skageflå går i svingar oppover fjellsida, og passerer eit slett skråberg som det er omtrent uråd å passere utan å ha noko å halde seg i. Her var det i gamle dagar lagt ut nokre tømmerstokkar å gå på, og segna fortel at ein gong lensmannen var på veg opp til Skageflå for å pante skatt, så tok bonden vekk desse stokkane, og lensmannen måtte gjere vendereis. I 1855 vedtok kommunestyret at Skageflå skulle få midlar til å skyte ut veg over dette svaberget og elles til å setje opp rekkverk over det mest farlege partia på vegen.

Skageflå er nå blitt restaurert i eit samarbeid mellom Storfjordens Venner, grunneigarane, Riksantikvaren og Møre og Romsdal fylke.

Hausten 1993 gjekk eit stort kongeleg følgje, anført av dronning Sonja, denne vegen opp til Skageflå, der det vart arrangert lunsj for fire regjerande monarkar og andre representantar for dei fleste kongehus i Europa. Dei som ikkje gjekk vegen opp, vart frakta med helikopter til Skageflå. Det var også på Skageflå at dronning Sonja i 2006 avduka ein verdsarvplakett
for å markere at dette området i 2005 hadde hamna på
UNESCO si liste over verdas kultur- og naturarv.

Partslaget Skageflå, ved Ingolf Mølsæter mottok Godt Vern-prisen 2008 av Fortidsminneforeininga, avdeling Sunnmøre.
Fortidsminneforeninga ga også honnør til Storfjordens Venner og prosjektleiar Atle Ringseth i samband med arbeidet ved Skageflå.


Meir informasjon

Galleri Skageflå Rapportar
Prosjekt Skageflå Kulturlandskapet på Skageflå
Verdsarvmarkering 2006 Pressemelding prosjekt Skageflå

Storfjordens Venner