Nyhende

Ny flytebrygge på Dyrkorn

Ny flytebrygge på Dyrkorn
No blir det mykje enklare å komme seg ombord og på land på Dyrkorn for besøkande til Ytste Skotet. Den gamle skranglete flytebrygga er skifta ut med ny, stabil 12-meters brygge i stål. Ny, flott landgang er også på plass. No er det slutt på å klatre over kaikanten og langt ned til skyssbåten.

Du kan spasere trygt og godt rett ombord. Storfjordens Venner takkar Janco Mek for flott arbeid med landgangen, Friluftsrådet for samarbeid om utlegging og tilsyn med brygga og Øysten Abelseth for presis kraning på Dyrkorn!  Datoar for museummssøndagar finn du på nettsida til Ytste Skotet. God tur til Skotet!

Ny brygge i stål

Storfjordens Venner