Siste nytt om Storfjordstemnet

Plan B for storfjordstemnet

Sidan vêrutsiktene ikkje er dei beste, kan det bli aktuelt å flytte stemnet til samfunnshuset på Hellesylt. Samfunnshuset ligg i sentrum, like ved skulen.

Avgjersle om dette vert mest truleg tatt laurdag. Følg med på heimesida vår og på facebooksida.

Prisar

Vi ber om at folk tek med seg kontantar til Storfjordstemnet.

Aktuelle prisar

Båtskyss frå Geiranger m/RIB- båt            kr. 200 kvar veg  (NB: Hugs påmelding innan fredag kl. 21)

Båtskyss t/r Åseneset                              kr. 150 (For dei som ikkje greier å gå sjølve til Åseneset)

Lotteri:                                                  kr. 10 pr. lodd

Rømmegraut                                          kr. 100 inkl. alt tilbehør

Pølse med  brød                                     kr. 20

Jubileumsboka «Med hjarte for arven»      kr. 390

Årets T- skjorte                                       kr. 150

Drikkeflaske                                            kr. 30

Tøymerke Storfjordens Venner                   kr. 30

Diverse restartiklar m.m.                          kr. 20-100

Program for stemnet

Stemneprogrammet startar kl. 13.00. Du får utdelt program på stemne, men finn det òg her på heimesida. Før stemneprogrammet startar, er det høve til å kjøpe seg graut, handle i butikken vår, kjøpe jubileumsboka, eller ta seg ein tur ut til Kurlå og møte restaureringshandverkar Kåre Løvoll. Det tek om lag ½ time å gå frå Hellesylt sentrum til Åseneset. Møt opp i god tid.

Hjarteleg velkomne til alle!

Storfjordens Venner