Presisering om Storfjordstemnet 2015

Frå Åseneset mot Hellesylt
Sjølve stemnet vert lagt til Åseneset ved Hellesylt. Husmannsplassen Kurlå ligg berre eit par hundre meter unna, og det vert lagt opp til at folk kan gå dit og sjå staden. Restaureringshandverkar Kåre Løvoll vil vere på staden og fortelje om arbeidet. Vi presiserer at vi har eit skysstilbod med RIB båt mellom Hellesylt og Åseneset for alle som treng det. Avgang frå småbåthamna på Hellesylt mellom 10.30-12.30, og retur etter stemnet. Pris t/r kr. 150,-
Det vet lagt opp til at folk som klarer det, sjølve går turen frå Hellesyltsentrum via Korsbrekke til Åseneset.
 
For dei som ynskjer å ta RIB-båt frå Geiranger til Hellesylt søndag morgon, er det avgang kl. 9.30 og 10.30. NB: Avgrensa med plassar, og påmelding til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller mobil 99376585 innan fredag 5. juni kl. 21. Pris 200 kr. kvar veg. Ta med kontantar. Merk òg at det går ferje kl. 9.30 og 11.00 frå Geiranger.
 
Elles viser vi til øvrig stemneinformasjon på heimesida vår.

Storfjordens Venner