Nyhende

Pressemelding Storfjordstemnet søndag 7.juni

Slik såg det ut før restaureringa
Storfjordens Venner kan i år markere 40 års jubileum, og foreininga vel å leggje årets Storfjordstemne til Åseneset, like ved husmannsplassen Kurlå, og for fyrste gong har foreininga eit stemne tett på ein plass der vi samstundes har eit prosjekt under arbeid. Restaureringshandverkar Kåre Løvoll er i desse dagar i gang med istandsetjing av stovehuset på Kurlå, og han vil vere tilstades på stemnet og vise og fortelje frå arbeidet.


Høgdepunktet under stemnet vert lanseringa av jubileumsboka «Med hjarte for arven», eit historisk attersyn over arbeidet i Storfjordens Venner, og ei bok som har blitt eit retteleg praktverk. Boka kan by på mykje stoff som tidlegare ikkje har vore publisert.

Årets stemnetalar er Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug, og vi ser med forventing fram til å høyre kva tankar ho vil dele med oss.

Elles vert det mykje tradisjonelt program, grautsal og lotteri. Foreininga minner folk om å ta med seg kontantar.

Storfjordens  Venner ynskjer særleg å vekke interessa for fjordkulturen mellom ungdommen, og i år inviterer foreininga på friluftscamp frå laurdagen til søndagen på Åseneset i samarbeid med friluftsrådet for Ålesund og omland. Det vert ei rekkje kjekke, sosiale og litt utfordrande aktivitetar saman med unge instruktørar frå Friluftsrådet.  Det er påmelding til campen og avgrensa deltaking, så her gjeld det å «hive seg rundt» og bli med.

Kurlå ligg rett utanfor Åseneset ved Hellesylt, og det er grei rås å gå frå sentrum, via Korsbrekke og ut til stemneplassen. Råsa går i lett, småkuppert terreng, dels på svaberg som kan bli litt glatte. Fleire stadar er det montert rekkverk med kjetting som ein kan støtte seg til. Råsa kan vere litt våt i nokre myrlendte parti, men for dei aller fleste er dette ein grei, liten tur som tek om lag ½ time å gå.

For dei som likevel ikkje trur dei klarer fotturen, set vi opp båtskyss frå småbåthamna på Hellesylt og ut til Åseneset. Båt vil gå i skyttel frå kl. 10.30 til kl. 12.30. Etter stemnet vert det same tilbodet for dei som treng det.

Det vert båtskyss frå Geiranger før stemnet og attende etter stemnet. Meir informasjon finn ein på heimesidene til Storfjordens Venner. Her er det òg mogleg å følgje ferja.

«Vi vonar mange vil møte fram til årets stemne. Vi har stor tru på at dette vert ei helg rik på opplevingar, og framhevar særleg lanseringa av jubileumsboka og friluftscampen for den yngre garde», seier Kjell Løseth, leiar i Storfjordens Venner.

For meir informasjon: kontakt Merete Løvoll Rønneberg, adm. leiar i Storfjordens Venner. Mobil: 99 37 65 85, mail: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

Storfjordens Venner