Nyhende

Friluftscamp laurdag 6.-søndag 7. juni i samband med Storfjordstemnet på Kurlå

Storfjordens Venner inviterer barn og unge i alderen 10-15 år til friluftscamp på Åseneset ved Hellesylt i samband med Storfjordstemnet. Vi er ikkje absolutte på alder dersom nokon har veldig lyst og fell utanfor, men for yngre born så bør då foreldra vere med. Dersom det elles er foreldre som har lyst til på camp, er de hjarteleg velkomne. Aktiviteten vert styrt av unge, kjekke leiarar frå Friluftsrådet.

Deltakarar:         Born og ungdom. Maks 25 stk.

Påmelding:         Innan tysdag 2. juni til Merete Løvoll Rønneberg, tlf. 99 37 65 85 mail: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Kostnad:               Dei som vil ta RIBbåt frå Geiranger ut til campen laurdag kveld (saman med Merete), betaler kr. 100 for dette. Elles er leiren gratis for alle som vil delta.

Arrangør:              Storfjordens Venner i samarbeid med Friluftsrådet for Ålesund og omland

Leiransvarleg:  Gro Anita Bårdseth og Merete Løvoll Rønneberg + to leiarar frå Friluftsrådet: Ørjan og Vegard

Aktivitet:              Padling, leikar, taubruer, friluftsaktivitetar tilpassa staden – og anna moro som Friluftsrådet finn på saman med oss.

                                    Laurdag kveld vert det ein liten tur med RIB båt

Frammøte:          12.00 ved idrettsplassen/klubbhuset på Hellesylt.

Vi går herifrå, alternativt køyrer vi ein del utstyr ut til Korsbrekke (viss de har mykje å bere). Båtskyss kan kanskje vere aktuelt. Nærmare beskjed kjem dersom det vert endringar.

Merk: campdeltakarar som skal vere med i arrangementet «Geiranger frå fjord til fjell» kan også vere med på campen frå kvelden av. Dersom det vert deltakarar frå Geiranger/Norddal/Eidsdal, vert det RIB båt frå Geiranger kl. 18.30 laurdag kveld.

Overnatting:      I lavvo (Friluftsrådet ordnar). Ta med sovepose og liggeunderlag.

Mat:                 Ta med eigen grillmat til laurdag kveld, og brødmat til 3-4 måltid (sjå program).

Personleg utstyr: Vurder vêrforholda og sjå på aktivitetslista! Vindtette og vanntette klede, ullklede inst mot kroppen (også fint å sove i), klesbyte (gjerne 2 skift), joggesko og fjellsko, crocs/slippers  el. til ut/inn av kajakkane, 3-4 par ullsokkar, hue og ev. hanskar?, badeklede???, toalettsaker og handkle, drikkeflaske, ev. bestikk og tallerk, lommelykt, toalettpapir, litt plaster.


Program

Laurdag 6. juni

12.00                       Frammøte ved klubbhuset/idrettsbana på Hellesylt.

Vi går til Åseneset og etablerer leirplass, set opp lavvoar

13.00                       Felles måltid kring bålet. Alle tek med mat til seg sjølve.

                               Friluftsaktivitetar i regi Friluftsrådet

17.00                       Mat

18.00-20.00             Leikar og aktivitetar

19.45-20.45             Tur med RIB-båt

21.00-22.30             Grilling og kos kring leirbålet

23.00                      Ro for kvelden

Søndag 7. juni

08.00                      Vekking

08.30                      Frokost

09.00                      Vi pakkar og ryddar leiren

                              Friluftsaktivitetar med Friluftsrådet og/eller tur opp til Åsen

12.00                      Avslutting av friluftscampen

13.00                      Storfjordstemnet byrjar (sjå eige program)

                              Merk at etter stemnet går det RIBbåt innatt til Geiranger, eller ein kan følgje ferja.

(RIBbåt pris innatt til Geiranger for born/ungdom: 100,- NB Hugs at de må melde dykk på dette, og det er maks plass til 12 stk.

Storfjordens Venner