Nyhende

Storfjordstemnet 2015 - Kurlå/Åseneset søndag 7.juni

IMG 7430 red
Årets stemne vert lagt til husmannsplassen Kurlå, eller Åseneset, like ved, og for fyrste gong har vi eit stemne på ein plass der vi samstundes har eit prosjekt under arbeid. Restaureringshandverkar Kåre Løvoll er i desse dagar i gang med istandsetjing av stovehuset på Kurlå.


Kurlå ligg rett utanfor Åseneset ved Hellesylt, og det er grei rås å gå frå sentrum, via Korsbrekke og ut til stemneplassen. Råsa går i lett, småkuppert terreng, dels på svaberg som kan bli litt glatte. Fleire stadar er det montert rekkverk med kjetting som ein kan støtte seg til. Råsa kan vere litt våt i nokre myrlendte parti, men for dei aller fleste er dette ein grei, liten tur som tek om lag ½ time å gå.

For dei som likevel trur dei ikkje klarer fotturen, set vi opp båtskyss frå småbåthamna på Hellesylt og ut til Kurlå. Båt vil gå i skyttel frå om lag kl. 10.30 til kl. 12.30. Etter stemnet vert det same tilbodet for dei som treng det.

Det vert båtskyss frå Geiranger før stemnet og attende etter stemnet. Detaljane vil komme litt seinare. Her er det òg mogleg å følgje ferja.

Årets stemnetalar vert Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug, og vi gleder oss til å få henne på besøk. Elles vert det tradisjonelt og godt program, lotteri, rjomegraut og triveleg samvere. Vi kjem attende med nærmare informasjon om detaljane.

Eit anna høgdepunkt under årets stemne, vert lansering av jubileumsboka «Med hjarte for arven». Dette har blitt ei praktbok, men mykje nytt og spanande stopp om både fjordgardane og historia til Storfjordens Venner. Her er òg fleire bilete som ikkje har vore publiserte tidlegare.

Nett som i fjor arrangerer vi FRILUFTSCAMP for born og ungdom frå laurdag til søndag. Friluftsrådet vil stå for aktivitetane, og vi skal garantert få ein kjekk camp. Her er det berre å melde seg på! Meir informasjon finn du som eiga sak på heimesida vår.

Program Storfjordstemnet KURLÅ/ÅSENESET                   
søndag 7.juni 2015

09.30                                         Båt frå Geiranger RIB – maks 12 passasjerar-pris 200 kr. kvar veg.

(Ferjepris: 245 tur, 330 t/r)

10.30                                         Båt frå Geiranger RIB – maks 12 passasjerar (pris 200 kr.)

Påmelding til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. , eller Merete mobil 99376585 innan fredag 5/6 kl. 21.

                                                      Alternativt:         ferje kl. 9.30 eller 11.00 frå Geiranger

10.30-12.30                          Skyttelbåt. RIB mellom Hellesylt og Kurlå

NB: VI PRIORITERER dei som ikkje greier å gå frå Hellesylt til Kurlå sjølve.

13.00-15.30                          STORFJORDSTEMNE på Kurlå

Program

  • Fanfare ved Hellesylt skulekorps
  •  Leiar Kjell Løseth ønskjer velkomen
  •  Allsong: «Å Vestland – Vestland»
  • Helsing ved ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad
  • Helsing ved fylkesordførar Jon Aasen eller annan representant for M&R fylke (? – enno ikkje stadfesta)
  • Tale for dagen ved statsråd Sylvi Listhaug (inntil 12 minutt)
  • Musikkinnslag skulekorpset
  • Bokslepp, jubileumsbok for Storfjordens Vener (1975 – 2015) «Med hjarte for arven».
  • Musikkinnslag
  • Om Kurlå og Åsneset (stemnestaden) ved Odd Normann Hoff og eventuelt eigar av garden. Hoff orienterer også om restaureringsprosjektet vi har i gong på Kurlå.
  • Eventuell utnemning av æresmedlemer i Storfjordens Venner
  • Ord for dagen ved prost Svein Runde
  • Allsong «Fagert er landet»


Under stemnet

  • Sal av rjomegraut
  • Lotteri
  • Natursti
  • Sal av jubileumsboka «Med hjarte for arven»

Ca. 15.45-16.30                                   Skyttelbåt Kurlå-Hellesylt, og retur til Geiranger

Når alle som skal til Hellesylt er transporterte, går siste transport innatt til Geiranger, seinast kl. 17. NB: Berre ein RIB-Båt, plass til maks 12 stk.

Alternativt:          Ferje frå Hellesylt kl. 15.30 eller kl. 17.00

Storfjordens Venner