Nyhende

Storfjordens Venner sitt turkort: "Til gards med Storfjordens Venner"

Storfjordens Venner lanserer no det nye turkortet vårt: «Til gards med Storfjordens Venner».

Kortet inviterer deg til å besøke eit godt utval av fjordgardane innover langs Storfjorden, og registrere besøka på kortet. Dersom du har besøkt minst 15 slike gardar i løpet av sommaren og hausten, kan du sende inn kortet til Storfjordens Venner og motta ein liten minnepremie.

I løpet av veke 20 vil du finne turkortet lagt ut på ein del butikkar i regionen kring Storfjorden, og i tillegg kan du sjølv laste ned kortet på heimesida vår. Kortet er gratis, men når du leverer det inn, betaler du kr. 50 til Storfjordens Venner sin konto 4030.07.05709, og merkar betalinga med kven kortet er registrert på. Hugs også å skrive namn og adresse på sjølve kortet.

Merk deg at ikkje alle fjordgardane kring Storfjorden er med på kortet. Det er ulike årsaker til dette. For dei gardane som ER med, har vi vore i kontakt med grunneigarane, og opplegget er godkjent av dei. Men det er all grunn til å presiserer at desse gardane er i privat eige, og ferdsel må skje med omsyn og respekt. Turkortet minner mellom anna om at:

·       Ingen må prøve å ta seg inn i husa. Dette gjeld òg uthus.

·       Ikkje klatre på taka.

·       Bruk etablerte råser, og trakk ikkje ned slåtteeng.

·       Det er strengt forbode å gjere opp eld på/ved gardane

·       Ta med eiga søppel heim

·       Toalett: Gjer ikkje frå deg i nærleiken av husa/tunet.

HUGS: Du er gjest på ein annan sin eigedom.

Storfjordens Venner understrekar at ALL FERDSEL SKJER PÅ EIGE ANSVAR.

Bruk turvit, følg fjellreglane og gode ferdselsreglar. Vi oppmodar elles til at ein nyttar gode kart når ein legg ut på tur, og at ein gjerne snakkar med lokalkjende fjellfolk.

Vi legg ut oversyn over butikkar og liknande der TURKORTET vert å få så snart vi har oversyn på desse. Du kan og laste ned turkortet her og skrive det ut sjølv.

Ved spørsmål kan de kontakte oss på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Storfjordens Venner