Nyhende

Fellestur til Åkneset


Turen til Åkneset er no fullteikna, og litt over 100 deltakarar vert med. Interessa for turen har vore overveldande, og det er kjekt at så mange har lyst til å besøke desse fjordgardane.

Båtavgangar med MS Geirangerfjord:

Frå Geiranger kl. 09.30 – kr. 350,- tur/retur

Frå Hellesylt ca. kl. 10.30 – kr. 250,- tur/retur

Det vert billettert på båten, og vi ber om at alle har med kontantar.

Merk at det er minibank både på Hellesylt og i Geiranger. Billetten må oppbevarast under båtturen, og vil bli kontrollert ved ilandstigning.

Retur frå Åkneset om lag kl. 14.30, fyrst til Hellesylt, deretter Geiranger.

OPPLEGG PÅ TUREN:

  •  Turleiar:                                                                                        Jostein Ringdal
  • Kulturhistorisk omvisar:                                                    Odd Normann Hoff og ev. grunneigarar
  • Informasjon Åkneset-trugsmål om ras:                                     Kjell Jogerud, dagl.leiar Åknes 
Beredskapssenter
  • Ilandstigning på Me-Åkneset. Vi går via Litlesætra til Ytste-Åkneset. Dersom forholda tillet det, går vi på båten att på Ytste-Åkneset, viss ikkje vert det å gå attende til Me-Åkneset, og gå om bord i båten der. Undervegs vert det fleire stopp med historieforteljing knytt til gardane og landskapet vi er i.

HUGS

  • Godt skoty
  • Mat og drikke etter eige behov
  • Friluftsklede etter vêrforholda. NB: Hugs ekstra ulltrøye/varme klede til pausar og økter med informasjon. Det vert fort kaldt å stå roleg.


Vi presiserer at den einskilde turdeltakaren går på eige ansvar.

For at alle skal få ein fin tur, oppmodar vi turdeltakarane om å ta omsyn og rette seg etter instruksar frå mannskap og turleiarar undervegs.

Undervegs på turen lanserer vi òg turkortet vårt. Nytt tilbod i år. Kort kan de få på båten. Sjå info i anna oppslag på nettsida vår.

Storfjordens Venner og Geiranger Fjordservice AS ynskjer alle hjarteleg velkomne på fellestur til Åkneset!

Kontaktperson:                                  

Merete Løvoll Rønneberg, mobil 99376585
Mail: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.



Storfjordens Venner