Nyhende

Tilskot til Storfjordens Venner

Grova i Liabygda

Norsk Kulturminnefond vedtok 8.april årets tildelingar til restaureringsprosjekt over heile landet. Storfjordens Venner hadde to søknader inne.

Vi søkte om 326.843 til stabbur og stovehus i Grova i Liabygda, og fekk tildelt 280.000,-. Til høyløa på Langskipsøya i Ørskog søkte vi om 264.000 og fekk tilsagn om heile summen. Dette er veldig gledeleg for foreininga, eigarane og alle som er interesserte i kulturminna ved Storfjorden. Vi er snart klar til å sette i gang, og målet er å vere ferdig i løpet av hausten 2015. Arbeidet vert utført av restaureringshandverkarane Per Kjell Holtleite og Kåre Løvoll, og deiar tilsette handverkarar.

Høyløa på Langskipsøya i Ørskog

Storfjordens Venner