Restaurering av tørkehuset/røykhuset i Grova

Røykehuset i Grova
Den omfattande restaureringa av tørkehuset/røykhuset i Grova i Liabygda er snart ferdig. Huset var veldig øydelagt av husbukk og rote frå taklekkasjar.

Per Kjell og Sindre Holtleite plukka ned huset sist haust, og sette det i stand igjen inne i verkstadhallen i Stordal. Berre det som var heilt øydelagt er skifta ut, så mykje av originalmaterialen er gjenbrukt. Huset vart nytta til å tørke korn og røyke matvarer ved at dei fyrte bål under ei stor steinhelle inne i huset. Røyken slapp ut gjennom ei lita luke i veggen. Denne luka kunne stengast slik at huset vart fylt med røyk. Kvernhuset like ved blir også vølt. Det får m.a. ny kvernkall og vassrenne. Prosjektet er støtta av Norsk Kulturminnefond på Røros.

 

Storfjordens Venner