Nyhende

Saging av material til høyløa på Langskipsøya

Høyløa er siste huset som står igjen på øya etter at det har vore både gardsbruka og handelshus her. Storfjordens Venner leier den planlagde restaureringa. Eigar Tord Tøsse har fått god hjelp av nabo Oskar Frostad til å ta ut tømmer i vinter. I påska blei materialen til høyløa på Langskipsøya saga på gardssaga til Ove Bergqvist på Tøssa. No skal materialen tørke fram til restaureringa tek til. Vi håper på tilskot frå Norsk Kulturminnefond og Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Storfjordens Venner