Nyhende

Sesongforberedelsar ved Ytste Skotet


I heile vinter har flytebrygga til Ytste Skotet lege i opplag inne i Vollvika. Lunt og trygt for alle vinterstormar. I dag henta Tor Einar og Asgeir flytebrygga og slepte ho over fjorden til Vaksvika. Der skal brygga på land, for no er det på tide med overhaling og reparasjoner så alt er klart til sommarsesongen. All blåskjela som er grodd fast skal vekk, og metallfesta for landstaga skal til Janco Mekaniske for sveising. Det er eit tøft liv å vere flytebrygge, får aldri vere i fred, austavind og vestavind skubbar og slit. Snart er brygga på plass ved Ytste Skotet igjen, klar for å ta imot sesongens besøk.

Storfjordens Venner