Fjord- og fjellgardar langs Storfjorden

FjordgardarStorfjordens Venner har sidan skipinga i 1975 arbeidd for å ta vare på kulturen vår. Hovudfokuset har vore å verne om levande tradisjon knytt til dei veglause gardane langs Storfjordens på Sunnmøre.

Også namna på desse gardane er ein viktig del av desse kulturminna. Det er tvillaust lokalbefolkninga i Storfjorden som har namnesett desse stadane og namneformene har, trass i at offentlege tenestemenn har tolka og skrive namna på ulike måtar opp gjennom hundreåra, vore svært slitesterke og stabile.

Dei fleste av desse gardane er no fråflytte, og færre og færre personar er kjende med dei lokale og opphavlege namneformene. Storfjordens Venner ser det derfor som viktig å bringe denne delen av kulturarven vidare gjennom å nytte ein skrivemåte som er trufast mot den lokale uttalen av namna.

Sjå kartet i større format

Kartet er ei førebelse løysing

Storfjordens Venner