Storfjordens Venner inviterer til Storfjordstemne på Hagusetsætrasøndag 7. juni 2009. Hagusetsætra ligg lett tilgjengeleg nokre få kilmometer frå Geiranger. Det er lett gange frå Korsmyra fram til sætra.
Dette er tittelen magasinet Kulturarven presenterer i utgåve nr. 47. Artikkelen skildrar bl.a. Storfjordens Venner som organisasjon, eldsjelene og dugnadsarbeidet frå 1975 og fram til i dag.
Magasinet Kulturarven fokuserer på mangfaldet av verdiar som er med og formar den personlege og nasjonale identiteten vår. Kulturarven blir utgitt av Norsk Kulturarv, som er ei ideell stifting med føremål å bidra til vern av kulturarven gjennom berekraftig bruk.
Under årsmøtet på Jentekolonien i Skodje den 25. mars, fekk Odd Normann Hoff frå Stranda mykje ros for innsatsen han har gjort for Storfjordens Venner i si tid som styrerepresentant. Leiar Asgeir Kvernberg orienterte årsmøtet om Hoff sitt engasjement og motivasjon med bakgrunn i slekt og tilknyting til området.
Storfjordens Venner har gleda av å presentere organisasjonen i ei ny drakt. Vi har no kome godt i gang med å utvikle ei meir fleksibel og moderne nettside, som vi meiner vil representere organisasjonen på ein god måte.
Mandag 26.01 var Storfjordens Venner for første gong på besøk hos Norsk kulturminnefond på Røros. Dette i høve omsøkt prosjekt på Furneset i Synnylvfjorden, sentralt i Storfjordens Venner sitt nedslagsfelt.